Smittestoff og smittevegar
Sjukdommen HSMB dukka opp i lakseoppdrett i Noreg i 1999. I 2010 blei eit reovirus, Piscine orthoreovirus (PRV) funne i vev frå HSMB-sjuk laks. Dette er eit nake virus med segmentert, dobbelttråda RNA som arvestoff. Viruset er svært utbreidd og finst hos frisk oppdrettslaks, villaks, regnbogeaure (Oncorhynvhus mykiss) og sjøaure (Sálmo trutta). Det finst fleire variantar (genotypar) av viruset, der den ein finn i laks er PRV-1, medan varianten som har vore påvist på regnbogeaure og sjøaure kallast PRV-3. Varianten PRV-2 er ikkje funnen i Noreg, men i anada og Japan. Desse virusa er omkring 80-90 % like.
Sjukdommen HSMB er til no berre påvist hos oppdrettslaks og er assosiert med store mengder PRV-1 i hjartet på fisken. I 2014 blei det vist i forsøk at PRV infiserer dei raude blodcellene i fisken ei stund før viruset overførast til hjarte og muskel. I blod kan viruset sitt RNAgenom påvisast i lang tid før og etter sjukdom, og ofte heilt fram til slakt. I laks er det ikkje vanleg at antal raude blodceller minkar (anemi) under infeksjon.
Sjukdommen overførast ved vasskontakt mellom smitta og ikkje-smitta laks. Smitte skjer mest i perioden før hjartebetennelsen utviklar seg, men viruset kan truleg òg smitte i ettertid. Fisk kan bli frisk av HSMB, men bere viruset livet ut etter eit sjukdomsutbrot.
Ein finn PRV-1 i nesten 90 % av oppdrettslaksen i sjøfasen i Noreg. Undersøkingar tyder på at det er låg førekomst av viruset i utvandrande villaks.
Sjukdomsteikn
HSMB i laks gir betennelse og celledød i hjartet. Slike skadar kan oppstå utan at ein ser klinisk sjukdom eller død fisk, og kan vere der i lang tid før og etter eit sjukdomsutbrot. Fisken kan og ha betennelse i skjelettmuskulaturen, spesielt når fisken er klinisk sjuk. I tidleg fase av betennelsen blir hinna på hjartet fortjukka på grunn av betennelsesceller. Det vert òg infiltrasjon med betennelsesceller i det kompakte (ytre) og etter kvart i det det spongiøse (indre) muskellaget av hjartekammeret og i framkammeret, og hjartemuskelfibrar kan døy. Liknande endringar kan ein sjå i den raude (mørke) skjelettmuskulaturen. I nokre HSMB-utbrot kan fisken og ha celledød i lever, endringar i milt og sirkulasjonsforstyrring pga. hjartesvikt med opphoping av blod i kar.
Obduksjonsfunn ved HSMB tyder på sirkulasjonssvikt. Blodkoagel i hjartehola er ikkje uvanleg, og nokre gonger kan sjølve hjartet bli bleikt. Fisken kan ha væske i bukhola (ascites), gulaktig eller brunleg lever, forstørra milt og punktforma blødingar i feittvevet.
Laksen kan ha store skadar i hjartet utan å vise ytre sjukdomsteikn, men ved sjukdomsutbrot med auka dødelegheit er betennelsen vanlegvis omfattande. Tapa i affiserte merdar kan variere frå ubetydeleg til ca. 20 % og mange individ kan vere sjuke (høg morbiditet). Det er vist at låge oksygennivå i vatnet under infeksjon kan leie til lågare toleranse for sjukdommen, og ein forventek at trenging av fisken t.d. ved handsaming i brønnbåt, kan gje ein liknande effekt.
Diagnostikk
Ein stiller sjukdomsdiagnosen ved lysmikroskopi av preparerte vevsprøvar (histopatologi).Ved denne metoden diagnostiserer ein HSMB ved å påvise den karakteristiske betennelsen i hjartet, eventuelt òg i den raude skjelettmuskulaturen. Det er vanleg å nytte ein PCR-metode for påvising av PRV. Det er òg laga fleire antistoff (immunhistokjemi) og probar av gensekvensar (in situ hybridisering) for å påvise viruset ved farging i infisert vev.
Førekomst
Sidan den først blei påvist på Nord-Møre i 1999, har HSMB etter kvart blitt ein vanleg sjukdom i oppdrettsanlegg langs heile kysten. Sjukdommen er mest dominerande i Midt- og Nord-Noreg saman med sjukdommen «hjartesprekk» eller kardiomyopatisyndrom (CMS). HSMB var meldepliktig fram til 2014 og ein hadde derfor bra oversikt over sjukdomstilfella. I nokre år etter auka den private diagnostikken av fiskesjukdom og omfang av HSMB i ein periode er usikkert. Forbetring av statistikken sidan 2020 tyder ikkje på at HSMB har minka som problem.
Til no har HSMB blitt diagnostisert i Noreg, Skottland, Irland og Chile - og litt meir avreinsa på vestkysten av Kanada. PRV-1 er funnen i dei fleste landa som driv lakseoppdrett, men i mange tilfelle utan at det er påvist sjukdom. Særleg ser det ut til å vere mindre sjukdom på Island og i Kanada, sjølv om viruset er utbreidd. Det har tidlegare blitt vist at PRV-1 i Kanada ikkje gir like alvorleg sjukdom i forsøk samanlikna med norsk PRV-1, sjølv om virusa er meir enn 95 % like. Også i Noreg ser det ut til å vere genetiske variantar som gir mindre sjukdom, og ein trur at dei variantane som i dag gjer fisken mest sjuk, utvikla seg på 90-talet då sjukdommen dukka opp i Noreg.
Laksen får oftast HSMB i sitt første år i sjøen, men det er òg fleire tilfelle med sjukdom i setjefiskanlegg kvart år. Spørjeundersøkinga i Fiskehelserapporten blant fiskehelseansvarlege viser at HSMB betyr mest for tala for dødelegheit i sjø, men det er òg tap i setjefiskanlegg.
Hjartesjukdom og anemi i regnbogeaure med PRV-3 har ikkje vore eit like stort problem i Noreg som PRV-1 i laks, men ein finn PRV-3 i regnbogeaure i oppdrett og i vill sjøaure og det er rapportert om sjukdomsutbrot. Denne sjukdommen har sitt eige faktaark.
Tiltak
Det finst inga behandling mot HSMB, men med rett og #varsam handtering kan tap reduserast. Eit av dei viktigaste førebyggjande tiltaka er å unngå å stresse fisken når han har eit svekt hjarte pga. HSMB. Dette kan gje utfordringar i samband med behandlingar mot lakselus, flyttingar og andre driftsrutinar.
Det finst ikkje vaksine mot HSMB på marknaden, men fleire vaksinar har vore testa i eksperiment og nokre har effekt utan å verne heilt mot viruset. Vaksine laga av heile viruset er vanskeleg å produsere sidan PRV ikkje leit seg dyrke i vanleg cellekultur. Det har vist seg i forsøk at laksar som har blitt smitta med PRV-3 ikkje blir sjuk, men er godt verna mot PRV-1, men det er ikkje trygt med PRV-3 som vaksine sidan viruset kan gje sjukdom hos regnbogeaure og infisere sjøaure.
Ein type HSMB-beskyttande fôr skal kunne ha effekt på kor alvorleg hjartebetennelse fisken får. Det er og avla fram laks som skal vere betre beskytta mot HSMB. Så langt har ein ikkje sett at desse tiltaka har bremsa antal tilfelle av HSMB i Noreg.