Hjarte- og skjelettmuskelbetennelses-liknande sjukdom hos regnbogeaure – infeksjon med PRV-3

Infeksjon med PRV-3 kan gje alvorleg sjukdom hos regnbogeaure (Oncorhynchus mykiss). Viruset er utbreidd hos vill sjøaure (Sálmo trutta), men her er det ikkje påvist sjukdom.

Smittestoff og smittevegar

Årsak til sjukdommen er Piscine orthoreovirus genotype 3 (PRV-3, tidlegare virus Y og PRVom), eit segmentert dobbeltråda RNAvirus som tilhøyrer familien Reoviridae og slekta Orthoreovirus. I Noreg er det subtype 3a som er påvist, medan ein ellast i Europa finn subtype 3b, som er eit stort problem i Danmark. Genotype PRV-1 er årsak til hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (HSMB) hos laks. Desse virusa er nesten 90 % like.

Det er vist at PRV-3 kan smitte horisontalt frå fisk til fisk, men smitteveg inn i kroppen er ikkje kjend. Vertikal smitte er ikkje avklart, men dei første kjende sjukdomstilfella i Noreg var epidemiologisk assosierte med foreldrefisken. Også laks kan verte smitta, men i smitteforsøk replikerer viruset langsamere og det har vore lite teikn til sjukdom.

Sjukdomsteikn

Sjuk regnbogeaure har set ned appetitt og teikn på sirkulasjonssvikt med utståande auge og blodig væske i bukhola. Gjeller og indre organ er bleike på grunn av tynt blod (anemi).  Del raude blodlekamer i blodet (hematokritt) kan vere svært lågt. Dei histopatologiske funna viser varierande grad av betennelse i hjarte og raud muskulatur og vevsdød (nekrose) i lever. Regnbogeaure kan òg vere infisert med PRV-3 utan at han er klinisk sjuk eller at ein kan sjå vevsskade (latent infisert).

Diagnostikk

Diagnosen vert stilt ved lysmikroskopi av formalinfikserte og preparerte vevsprøvar (histopatologi) og påvising av virus ved PCR. Viruset kan ikkje dyrkast i cellekultur på konvensjonelle cellelinjer.

Førekomst

I 2013 og 2014 var det utbrot av infeksjon med PRV-3 hos regnbogeaure i fire setjefiskanlegg utan tilsetjing av sjøvatn eller ≤ 1 ‰. Det var moderat til høg dødelegheit i einskildkar med 25-100 g fisk. Fisk frå desse anlegga fekk òg utbrot etter sjøsetjing og smitte blei påviste i lang tid.

I 2015 og 2016 gjennomførte Veterinærinstituttet eit risikobasert overvakingsprogram for Mattilsynet. Infeksjon med PRV-3 blei påvist på i alt 15 sjølokalitetar med regnbogeaure utan kjend sjukdomsutbrot knytte til viruset. Samla sett er PRV-3 påvist i norsk regnbogeaure sidan 2011 og under heile oppveksten inkludert stamfisk. Ein kjenner ikkje til føre-komstein av PRV-3 i regnbogeaureoppdrett i dag, men viruset vert framleis påvist og i einskilde tilfelle rapportert å vere assosiert med sjukdom i sjøfasen. Infeksjonen kan vere underdiagnostisert. Alle kjende påvisingar har vore på Vestlandet.

Tiltak

Sjukdommen kan ikkje behandlast og det finst ikkje vaksine.

Diagnostikk: Alle tilfelle hos regnbogeaure, frå ung fisk i setjefiskanlegg til vaksne i sjø med anemi og hjartesvikt, bør verte undersøkte for infeksjon med PRV-3.

Stamfisk: Smittefri stamfisk vil vere viktig ettersom dei første tilfella var assosierte med foreldrefisken.

Setjefiskanlegg: Ein bør vere særleg merksam på infeksjon i setjefiskanlegg, sidan fisken tek med seg viruset over i sjøfasen.

Sjøanlegg: Latent infisert fisk kan bli sjuke om dei blir utsetje for stress. Og fisk frå smitta populasjonar bør ikkje verte rekrutterte til stamfisk.

Desinfeksjon: PRV er utan membrankappe og toler derfor mykje. Det er krevjande å fjerne med vanlege prosedyrar for vask og desinfeksjon og ser ut til å tole høge temperaturar og Uv-behandling godt. PRV vert inaktivert av sure eller basiske vaskemiddel.

Sentrale vitskaplege publikasjonar

Kontaktperson

Maria K Dahle

Seniorforsker og Professor II v/UiT
Vis telefonnummer
Send e-post

Alle ansatte