Saprolegniose

Saprolegniose er ein sjukdom på fisk i ferskvatn der årsaka er eggsporesopp i slekta Saprolegnia.

Smittestoff og smittevegar

Artar innan familien Saprolegnia (Saprolegniaceae, Oomycota) er rekna for å vera saprofyttar – som bryt ned daudt organisk materiale. Enkelte artar er likevel i stand til å infisera fisk og rogn. Det er særleg artane Saprolegnia parasitica og Saprolegnia diclina som er assosiert med sjukdom hos fisk, men andre Saprolegnia-artar blir også sporadisk isolerte frå sjuk fisk. Det er ikkje kjent om det er skilnader mellom artane når det gjeld infeksjon av rogn.

Saprolegnia-artar finst til vanleg i dei fleste ferskvasskjelder og spreier seg ved hjelp av rørlege sporar, såkalla zoosporar. Klekkeri og setjefiskanlegg kan dermed bli smitta via inntaksvatnet. Sporane er relativt hardføre, og vanleg ferskvassbehandling, som UV-filter og ozonbehandling, er ikkje tilstrekkeleg effektive til å eliminera desse.

Vidare er det vist at Saprolegnia spp. har evne til å produsera sporar i røyr og karsystem i setjefiskanlegg utan at infeksjon er påvist hos fisk eller rogn, truleg ved å danna eller delta i biofilm og ved å nytta seg av sedimentert organisk materiale som substrat. Dette vil kunna gi eit betydeleg auka smittepress.

Eggsporesoppen er normalt avhengig av at fisken sitt immunsystem er nedsett for at infeksjonen skal utvikla seg, til dømes ved stress, eller at fisken har skadar i slimlag og hud.

På rogn under inkubering må det finnast daude egg for at saprolegniose skal kunna etablera seg.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Saprolegniose har truleg vore kjent i fleire hundre år på grunn av det lett attkjennelege kvite belegget (mycelet) som blir danna på infisert fisk.

Infeksjon på fisk startar som oftast på område som ikkje er dekka av skjell, særleg rundt feittfinnen, ved finnebasis og på hovud/gjellelokk. I affiserte område spreier infeksjonen seg ved hyfevekst i epidermis, dermis og hypodermis, og kan i alvorlege tilfelle trengja ned i underliggjande muskelvev.

Degenerative endringar og nekrosar i huda reduserer fisken si evne til osmoregulering og kan i alvorlege tilfelle føra til at fisken daudar av dette. Ved infeksjon på gjeller blir respirasjonen hemma og fisken kan dauda av «kveling».

Sporane greier ikkje å etablera infeksjon på levande rognkorn. Dei etablerer seg likevel på daude rognkorn og anna daudt materiale. Frå denne infeksjonen utviklar hyfar seg, og desse spreier seg til levande rognkorn i nærleiken, penetrerer og drep desse. Infeksjonen spreier seg såleis frå egg til egg, og kan sjåast som eit ullent slør som omsluttar dei råka egga.

Diagnostikk
Diagnosen saprolegniose blir til vanleg stilt på grunnlag av makroskopisk synlege lesjonar.

Veterinærinstituttet diagnostiserer saprolegniose og artsidentifiserer agens (Saprolegnia spp.) ved hjelp av dyrking og DNA-sekvensering.

Førekomst

I norsk oppdrett av laksefisk har saprolegniose stort sett vore eit problem på egg under inkubering, sjølv om ein har sett utbrot på yngel og parr, særleg i etterkant av vaksinering. I andre land som driv akvakultur av laksefisk, som Chile, Canada og Skottland, blir det rapportert om betydelege økonomiske tap på grunn av saprolegniose. Ein kan finna infeksjonen gjennom heile ferskvassfasen.

På villfisk er saprolegniose spesielt lagt merke til på kjønnsmoden fisk i og rundt gytetid, ved spesielle tilfelle av miljøpåverknad, ved stress og annan sjukdom, til dømes parasittåtak. I oppdrett ser ein infeksjonar gjennom ferskvassfasen, men også på stamfisk som blir overført til ferskvatn før stryking.

Første kjende skildring av (eggspore)soppinfeksjon på ein vertebrat kom i 1748 av Arderon som beskreiv det som mest truleg var saprolegniose på ein mort.

Tiltak

Sjukdommen blei inntil år 2000 effektivt førebygd og kontrollert med det organiske fargestoffet malakittgrønt. Dette stoffet blei deretter forbode brukt i akvakultur på grunn av sine kreftframkallande eigenskapar, først i USA og etter kvart i resten av verda. Dette forbodet har ført til at saprolegniose igjen har blitt eit problem fordi det per i dag ikkje finst alternative behandlingsmiddel som like effektive.

Formalin er det mest kostnadseffektive middelet som er brukt i dag, og det vil i dei fleste tilfella vera førsteval i kampen mot eit utbrot. Men bruken av formalin i akvakultur er også omdiskutert og er for tida oppe til vurdering i EU-systemet. Det kan dermed bli innført avgrensingar eller forbod mot bruk av formalin mot parasittar og eggsporesopp på fisk i løpet av få år. Der blir difor ekstra viktig å fokusera på førebyggjande tiltak.

Viktige førebyggjande tiltak er å unngå å stressa fisken unødvendig og å behandla den så skånsamt som råd er i situasjonar der handtering er naudsynt, som ved sortering, flytting og vaksinering. Det er også viktig å halda generelt god hygiene og vasskvalitet for å unngå oppformeiring av sporar i anlegget sitt vassystem. For rogn under inkubering og i klekkeperioden er det viktigaste førebyggjande tiltaket å fjerna daudrogn og restar av organisk materiale ofte.