Pseudorabies (Aujeszkys disease)

Pseudorabies, også kalla Aujeszkys disease (AD), er ein virusinfeksjon som råkar nyfødde grisar. Sjukdommen har aldri vore påvist i Noreg.

AD er ein liste 1-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om AD skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Viruset kan smitta til storfe, småfe, hest, hund og katt. Hos desse er sjukdommen alltid dødeleg. Viruset smittar ikkje til menneske.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til AD er eit DNA-porcint herpesvirus 1 i familien Herpesviridae. Det finst mange variantar med ulik evne til å framkalla sjukdom.

AD-viruset smittar mellom grisar stort sett via trynekontakt. Det kan også smitta via sæd og over placenta. AD-viruset kan spreiast mellom buskapar med luft over avstandar på 2-3 km under gunstige vêrtilhøve (høg luftfukt og vind). Virus blir i lita grad skild ut via avføring.

AD-virus er relativt resistent utanfor grisen. Det er stabilt ved pH 4-12. På overflata av tøy og tre blir virus inaktivert i løpet av 10-15 dagar. I gjødsel blir viruset inaktivert i løpet av ein månad om sommaren og 2 månader om vinteren, men ved høg virusbelasting kan infektive virus påvisast i vesentleg lengre tid. Det er vist at AD-virus kan inaktiverast ved 60 °C i 30-60 minuttar, ved 70 °C i 10-15 minuttar og ved 80 °C i 3 minuttar.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Inkubasjonstida er frå 1 til 11 dagar, og kortast hos spedgris. I nysmitta buskapar spreier sjukdommen seg raskt til alle aldersgrupper, mens infeksjonen kan finnast utan symptom i kronisk smitta buskapar.

Diagnostik

AD-virus kan isolerast frå nasesvaber i 8-17 dagar etter smitte, og frå svelgsvaber i 18-25 dagar. Viruset er påvist i sæd i opptil 12 dagar.

AD-virus kan påvisast ved ELISA, RT-PCR, immunhistokjemi eller virusisolasjon frå organ. Antistoff mot viruset kan påvisast ved ELISA-test av serum (fullblod) Grisar kan vera latent infiserte med AD-virus og samstundes serologisk negative.

Førekomst

AD har aldri vore påvist i Noreg. Sjukdommen har funnest i dei fleste svineproduserande landa, men er utrydja frå kommersielt svinehald i mange land i Vest-Europa i løpet av dei siste 20 åra (mellom anna Sverige, Danmark, Tyskland, England og delar av Frankrike). I ein del land er villsvinpopulasjonen framleis smitta.

AD-viruset kan smitta ei rekkje artar, men svin er det einaste naturlege reservoaret. Viruset er ikkje veldig smittsamt. Delen av infiserte grisar i ein buskap kan variera mellom 10 og 90 %. Grisar som har overlevd infeksjonen blir kroniske smitteberarar. Andre artar blir rekna som «dead end» vertar då infeksjonen alltid er dødeleg hos desse. Dersom smitten blir eliminert frå svin, vil den raskt dauda ut også hos andre artar.

Overvakning

AD er omfatta av det nasjonale overvakingsprogrammet for spesifikke virusinfeksjonar hos svin. Veterinærinstituttet testar årleg blodprøver frå ca. 4 000 grisar for antistoff mot AD-virus. Det er aldri funne positive grisar.

Gå til overvakningsprogrammet

Tiltak

AD er ein liste 1-sjukdom. Utbrot av AD vil bli bekjempa med isolasjon og nedslakting av buskapen.

På grunn av dokumentert fristatus for AD kan Noreg be om tilleggsgarantiar ved import av levande grisar eller rånesæd. Importerte grisar blir plassert i norsk isolat der dei mellom anna blir testa med omsyn til antistoff mot AD-virus.

Vanleg brukte desinfeksjonsmidlar er effektive. For desinfeksjon av gjødsel blir leska kalk tilrådd, 20 kg Ca(OH)2 pr. kubikkmeter.