Porcine Reproductive and Respiratory Syndrome

Porcine Reproductive and Respiratory Syndrome (PRRS) er ein virussjukdom hos gris karakterisert ved abort, mumifiserte, dødfødde og svaktfødde grisar som døyr kort tid etter fødsel.

PRRS er ein liste 2-sjukdom og førekomst av eller mistanke om PRRS skal straks rapporterast til Mattilsynet. PRRS har til nå ikkje blitt påvist i Noreg.

Viruset smittar ikkje til andre dyr enn svin.

Smittestoff og smittevegar

PRRS-virus er eit RNA-virus i genus Arterivirus. Her finst to antigent ulike variantar: genotype 1, også kalla europeisk variant, og genotype 2, kalla amerikansk variant. I Asia finst ein spesielt virulent variant av genotype 2.

Viruset trengjer inn via luftvegane, munnen eller sår i huda, og det har spesiell affinitet for makrofagar, særleg i lungene. Infeksjon med PRRS-virus fører til generell svekking av immunforsvaret, spesielt den cellebundne immuniteten. Det utviklar seg ein viremifase med spreiing av viruset, mellom anna til kjønnsorgan, placenta og foster. Hos råner blir virus spreidd til sæden. Virus er blitt påvist i svelgregionen i opptil 250 dagar etter infeksjonen, i blod 50 til 60 dagar og i sæd opptil 90 dagar.

PRRS-viruset blir skilt ut med utandingsluft, spytt, slim, sæd, urin, mjølk og avføring. Det blir spreidd mellom buskapar og land først og fremst via handel med infiserte grisar og med sæd frå infiserte rånar. Det ser ut til at viruset kan spreiast med luft over avstandar på 2-4 km (praktisk betydning omdiskutert). Smitten kan også spreiast passivt via personar, transportmidlar, sprøytespissar, klede og reiskapar som er ureina. Dyretransportar har synt seg å ha vore ei viktig årsak til spreiing av PRRS-viruset over store avstandar. Viruset smittar ikkje menneske eller andre dyreartar enn grisar.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Inkubasjonstida er til vanleg 3-7 dagar. Sjukdomsbiletet kan variera sterkt. I enkelte buskapar kan grisar vera smitta utan å visa teikn på sjukdom. I andre buskapar kan tapet vera opptil 20 % av produksjonen, på grunn av omløp, abortar, mange dødfødde eller svaktfødde grisungar, sjuke purker som har mjølkemangel, og stor dødelegheit blant spedgrisane.

Hos smågris og slaktegris fører infeksjonen til lungebetennelse, og er ein disponerande faktor for sekundære bakterielle infeksjonar, redusert tilvekst og auka dødelegheit.

Serologisk gransking viser at smittestoffet finst i langt fleire buskapar enn det ein kunne venta ut frå kliniske symptom. Som tidlegare nemnt, så er det påvist ulik virulens mellom ulike stammer av PRRS-virus. Dessutan er buskapen si generelle helse og hygienestatus viktig for utvikling av sjukdommen.

Eit klassisk, akutt utbrot av PRRS kan delast i 3 fasar:

  • Den innleiande fasen varer i 1-3 veker og blir dominert av redusert matlyst, feber og luftvegssymptom «influensaliknande symptom». I denne fasen spreier infeksjonen seg raskt til heile buskapen.
  • Den etterfølgjande midtfasen varer i 1-4 månader og blir prega av abortar seint i fostertida, for tidlege fødslar, auka tal på mumifiserte, dødfødde og svaktfødde grisar, mjølkemangel hos purkene og stor dødelegheit blant smågrisar. Nokre purker utviklar raudleg (cyanotisk) misfarging av huda på øyrene, buken og beina. Hos smågrisar og slaktegrisar oppstår luftvegssymptom som hoste og pustevanskar, samt nedsett tilvekst og auka dødelegheit.
  • I sluttfasen, som kan vara i 2-5 månader, blir reproduksjonen normalisert og tapa minkar. I kombinerte buskapar med kontinuerleg drift kan infeksjonen halda seg i årevis, og den betyr mest ved at den påverkar grisane si generelle motstandskraft mot andre infeksjonar og disponerer for utbrot av PMWS, Actinobacillus pleuropneumoniae, Pasteurella multocida, Streptococcus suis, Haemophilus parasuis. Mycoplasma hyopneumoniae osv.

I buskapar som er i ein kronisk fase av PRRS-infeksjon, kan den gjennomsnittlege daglege tilveksten hos slaktegrisane vera redusert med opptil 15 %, og gjennomsnittlege tap kan vera fordobla samanlikna med før utbrotet. Danske undersøkinga har vist at utbrot av PRRS kan føra til ei tap på 1200-3000 kroner per purke i kombinert produksjon, under danske forhold. I Sverige reknar ein med at dei årlege tapa ved infeksjon med PRRS-virus er minst 2780 kroner per purke i buskapar med aktiv infeksjon.

Diagnostikk

Ved mistanke om PRRS skal det takast blodprøvar (fullblod, av minst 20 dyr) for undersøking med omsyn til antistoff mot PRRS-viruset. Antistoff kan påvisast 7-14 dagar etter infeksjonen.

Antistoffmengda er på topp etter 30-50 dagar, og minkar deretter gradvis. Enkelte dyr kan vera seronegative alt etter 4-6 månader, men dei fleste er positive i vesentleg lengre tid.

Ein kan også prøva å påvisa virus-RNA (PCR-teknikk) eller isolera virus frå serum eller EDTA-blod og frå obduksjonsmateriale (aborterte eller mumifiserte foster (for PCR), milt, thymus, tonsillar, lymfeknutar, lunge, hjarta, lever, nyre).

Obduksjonsfunna er uspesifikke og blir ofte vanskelege å tolka på grunn av sekundærinfeksjonar. Hos smågris kan ein finna lungebetennelse med spreidde fortettingar i lungene og store lungelymfeknutar.

Differsialdiagnostisk bør ein først og fremst tenkja på andre sjukdommar som kan føra til reproduksjonsproblem og abort hos mange dyr. Mest aktuelt hos oss er svineparvovirus, porcint circovirus type 2 (PCV2), raudsjuke, leptospirose eller forgiftingar med mykotoksin.

Av meir eksotiske sjukdommar er klassisk og afrikansk svinepest og Aujeszkys sjukdom aktuelle differensialdiagnosar. Luftvegssymptoma overlappar med dei ein kan finna ved infeksjon med influensavirus, PCV2 og Mycoplasma hyopneumoniae.

Førekomst

Sjukdommen blei første gong diagnostisert i USA i 1987, i Tyskland i 1990 og i Danmark i 1992. Infeksjonen spreidde seg på få år til mange buskapar både i USA, Canada, Sør-Amerika, Europa og Asia. I mange land er 50-80 % av svinebuskapane smitta, og på verdsbasis er PRRS rekna som ein av dei mest tapsbringande infeksjonssjukdommane i svineproduksjonen.

Infeksjonen er svært utbreidd i Danmark. I Sverige hadde ein utbrot av PRRS i 2007, der smitten blei påvist i 8 buskapar i Skåne og Halland. Infeksjonen blei raskt bekjempa etter omfattande serologiske testing og slakting av grisar i positive buskapar. PRRS-virus er ikkje blitt påvist i Finland eller Noreg.

Overvaking

PRRS inngår i det nasjonale overvakingsprogrammet for spesifikke virusinfeksjonar hos svin. I samsvar med dette programmet blir det årleg testa mellom 4500 og 5000 grisar. I tillegg blir alle rånar som skal inn på Norsvin sin seminstasjon og dyr til eksport testa. Totalt blir ca. 6000 grisar testa årleg for antistoff mot PRRS-virus.

Gå til overvakingsprogrammet

Tiltak

PRRS er ein liste 2-sjukdom. Ved første gongs påvising her i landet vil infeksjon med dette viruset truleg bli forsøkt bekjempa med slakting av alle grisar i infiserte buskapar. Ein føresetnad er at smitten blir oppdaga raskt etter at den er introdusert her i landet I land der PRRS førekjem endemisk er det mange buskapar som blir vaksinerte mot infeksjonen.

Det er viktig med minst mogleg import av levande dyr og sæd for å unngå å få PRRS-virus inn i landet. Det er også viktig at ei held seg nøye til krav og retningsliner fastsette av offentlege styresmakter og KOORIMP (husdyrnæringa si koordineringseining for smittevern) ved import. ved import.