Algetoksiner

Algetoksin er giftstoff som kan oppkonsentrerast i skjel og gi matforgifting.

Alle skjel som skal omsetjast kommersielt blir testa for innhald av algetoksin. Blåskjelvarselet viser frå kva lokalitet ein ikkje kan eta skjel.

Smittestoff og smittevegar

Enkelte algetypar kan produsera giftstoff (toksin). Skjel, til dømes blåskjel, kamskjel og østers, lever av å filtrera sjøvatn for planktonalgar. Ved oppblomstring av slike giftproduserande algar tek skjela også opp giftstoffa og konsentrerer dei.

Skjela sjølve ser ikkje ut til å ta skade av endatil store mengder gift. Algegiftene set ikkje smak på skjela, og folk er difor ikkje i stand til sjølve å kontrollera om skjela er giftige. Dei fleste algegiftene er kjemiske strukturar som ikkje blir nedbrotne ved frysing eller koking. Algegiftene kan delast inn i hovudgrupper alt etter kva slags forgifting dei fører til.

  • Paralytic Shellfish Poisoning (PSP) gir lammelse
  • Diarrhetic Shellfish Poisoning (DSP) gir diaré
  • Amnesic Shellfish Poisoning (ASP) gir minnetap

I tillegg  finst fire grupper gifter  som kallast azaspiracider, pectenotoksin, yessotoksin og pinna toksin.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Dei to vanlegaste algegiftene langs kysten vår er årsak til kvalme, oppkast, diaré, magesmerter og generelt ubehag (DSP), eller prikking i lepper og munn og eventuelt lammelse (PSP). For DSP startar symptoma innan ein halv til seks timar, og ein er frisk igjen innan tre dagar. Ved PSP kan prikkinga i lepper kjennast straks etter inntak.

Kjemisk påvising av algetoksin kan utførast ved HPLC-MS. For enkelte toksin finst det også ELISA-metodar.

Førekomst

Oppblomstring av visse marine algar er vanleg til ulike tider av året her i landet. Dei to vanlegast algegiftene langs kysten vår blir produserte av algar i Dinophysis-slekta og i Alexandrium-slekta.

Giftproduserande algar i Alexandrium-slekta blomstrar til vanleg opp frå seint på våren til tidleg sommar, mens Dinophysis-slekta vanlegvis blomstrar opp på slutten av sommaren og utover hausten.

Overvaking

Mattilsynet overvaker algegifter i blåskjel og gir kosthaldsråd knytte  til konsum av skjel.

Tiltak

Alle skjel som skal omsetjast kommersielt må testast for førekomst av algetoksin.

I tillegg tek Mattilsynet ut skjelprøver for kjemisk analyse frå visse stader langs kysten heile året, for å kunna gi rettleiing til dei son ønskjer å henta skjel til eige bruk.

Forskningsprosjekter