
Smittestoff og smittevegar
Anaplasmose blir også kalla sjodogg eller tick-borne fever, særleg når det gjeld sau. Årsaka er bakterien Anaplasma phagocytophilum som blir overført med skogflått (Ixodes ricinus). Bakterien blei tidlegare kalla Ehrlichia phagocytophila.
Sau, hjortedyr og kanskje gnagarar reknast som hovudreservoar for bakterien. Anaplasmose smittar ikkje mellom dyr eller frå dyr til menneske.
Hos virveldyr etablerer bakteriane seg i dei kvite blodcellene og reduserer immunforsvaret. Dette gir auka risiko for infeksjon med andre bakteriar, mellom anna stafylokokkar som kan vera årsak til sepsis, leddbetennelse, lungebetennelse m.m.
Dyr som har vore smitta kan vera smitteberarar i ein lengre periode.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Sjukdommen førekjem på den tida i året då flåtten er aktiv, særleg seint på våren og tidleg om hausten. Inkubasjonstida er frå nokre dagar til ca. ei veke.
Diagnostikk
Diagnosen kan stillast på grunnlag av kliniske symptomer og påvisning av A. phagocytophilum i blod (blodutstryk, PCR).
Førekomst
I Noreg er flåtten påvist langs kysten frå Oslofjorden i sør til Harstad i nord. Det er estimert at rundt 300 000 sauer får anaplasmose kvart år her i landet.
Også viltlevande hjortedyr, som rådyr, elg og hjort, kan få sjukdommen. Hjortedyr kan ha langvarig infeksjon utan å visa teikn på sjukdom. Dei fungerer truleg som eit viktig smittereservoar for A. phagocytophilum i naturen
I ein studie av hundar frå Aust-Agder blei det påvist antistoff i blodet hos ca. 10 %, noko som indikerer at dyra har vore eksponerte for bakterien.
Tiltak
Sjuke dyr kan behandlast med antibiotika. Det finst ikkje vaksine mot sjukdommen.
I område der ein veit smitten finst, blir det tilrådd at lam eller unge søyer som skal parast, har vore i kontakt med smittestoffet før drektigheita byrjar, for å unngå abortar.
Hest på beite i flåttområde bør sjekkast dagleg og flått fjernast.
Generelle forbyggjande tiltak som reduserer mengden tilgjengeleg flått, til dømes rydding eller brenning av kratt, eller ved at dyr blir gjerda ute frå slike område, vil redusera risikoen for sjukdommen. Mange insektmiddel (t.d. med permetrin) verkar også mot flått.