Oter har fått påvist høgpatogen fugleinfluensa

Veterinærinstituttet har påvist høgpatogen fugleinfluensa (HPAI) hos ein oter i Tromsø kommune. Dette er første gong HPAI blir påvist hos oter i Noreg.

Oter i sitt rette element  ved elvebredda.
For første gong er det påvist høgpatogen fugleinfluensa hos oter (lutra lutra) i Noreg. Foto: Colourbox

Høgpatogen fugleinfluensa av subtypen H5N5 er denne hausten påvist hos måsar og kråker ei rekkje stader langs norskekysten, særleg i dei nordlegaste fylka. H5N5 blei òg påvist hos to raudrevar i Storfjord kommune i februar og hos ei gaupe i Kvænangen kommune i desember i fjor.

Fugleinfluensa hos pattedyr

Pattedyr kan smittast av fugleinfluensa ved direkte kontakt med sjuke eller døde fuglar, eller indirekte via miljøet. På verdsbasis er det påvist fugleinfluensa hos ei rekkje ville rovdyr og sjøpattedyr. Fugleinfluensa gir infeksjon og betennelse i lunger og hjerne, og teikn på sjukdom vil derfor kunne vere sløvleik, unormal åtferd, skeiv hovudhaldning, sirkelgonge, kramper, dårleg balanse og lammingar av fram- og bakbein.

Meld frå til Mattilsynet om daude eller sjuke ville fuglar og andre ville dyr

Den vaksne otertispa blei funnen svak med lite rørsle i oktober 2024, og blei deretter avliva av lokal viltnemd. Oteren blei undersøkt for HPAI i januar i år. Funnet understrekar viktigheita av å vere merksame på sjuke dyr i område der det er påvist fugleinfluensa i villfuglpopulasjonen, og at Mattilsynet blir varsla ved slike funn. Denne oppmodinga gjeld spesielt viss dyra viser sjukdomsteikn som beskrive ovanfor.

‒Fugleinfluensa kan òg smitte til hund og katt, og ein må vere merksam på at det kan liggje døde og sjuke fuglar i terrenget. Hunde- og katteeigarar bør halde kjæledyra unna desse, fortel vilthelseansvarleg ved Veterinærinstituttet Malin Rokseth Reiten.

Samarbeid med Folkehelseinstituttet

Veterinærinstituttet overvaker fugleinfluensa hos dyr og følgjer i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI) med på om arvestoffet til viruset endrar seg på ein slik måte at det blir meir tilpassa til å smitte mellom pattedyr. 

Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet samarbeider om fugleinfluensaovervaking i EU-prosjektet One Health for Surveillance (OH4S). FHI vurderer generelt risiko for smitte med fugleinfluensa til menneske som svært låg. Les deira råd for å førebyggje smitte av fugleinfluensa til menneske her (FHI)

Les relaterte saker:

Les nyheitssaka om døde måsar i Troms (vetinst.no) 

Les statusrapport om Fugleinfluensa (PDF)

Fakta om Fugleinfluensa (vetinst.no)

Kontaktpersoner:

Malin Rokseth Reiten

Veterinær/forsker vilthelse og viltpatologi
Vis telefonnummer
Send e-post

Ragnhild Tønnessen

Seniorforsker virologi, fugleinfluensa-koordinator
Vis telefonnummer
Send e-post

Del artikkel