Norsk dyrehelse framleis i verdstoppen - men presset aukar

Dyra i Noreg er nokre av verdas friskaste og vi har få alvorlege dyresjukdommar. Men med nye sjukdommar som truar er dyrehelsa vår under stadig større press.

Sau og måse i Vadsø.jpg
Fugleinfluensa er ein av fleire sjukdomstruslar omtalt i rapporten. Sommaren 2023 døydde eit titusentals krykkjer av den farlege virussjukdommen i Troms og Finnmark. Foto: Grim Rømo, Veterinærinstituttet

Den gode dyrehelsa og -velferda i Noreg er internasjonalt anerkjend som god, eit resultat av målretta arbeid. Veterinærinstituttet overleverer i dag den årlege statusrapporten sin for dyrehelsa og dyrevelferda i Noreg til Mattilsynet. Dyrehelserapporten for 2024 viser at vi stadig blir påminnet om viktigheita av overvaking, forsking og vaktsemd.

I september 2024 blei virussjukdommen blåtunge påvist i norske dyrehald for første gong sidan 2009, og Veterinærinstituttet forventar auka risiko for påvisingar i 2025. Fugleinfluensa herjar blant storfe og høns i USA, noko som skaper høge matprisar og uro. Fugleinfluensa har dei siste månadene berre blitt påvist hos nokon få vilje fuglar langs norskekysten. I Dyrehelserapporten for 2024 er likevel fugleinfluensa tema under fleire av dyreartkapitla enn før, ettersom sjukdommen dei siste åra har blitt ein aukande trussel for pattedyr. I tillegg følgjer norske styresmakter nøye med på den svært smittsame sjukdommen munn- og klauvsjuke som sirkulerer i delar av Europa.

- Det er avgjerande for norsk beredskap at vi følgjer med på sjukdomstruslane både i Noreg og i resten av verda. For ikkje å snakke om korleis det daglege arbeidet med smittevern og biotryggleik hos alle som driv med dyr er ein føresetnad for å halde oppe god sjukdomsstatus, seier avdelingsdirektør for dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik ved Veterinærinstituttet, Merete Hofshagen.

Når menneske spreier smitte til dyr

Sjukdomstruslane og presset som blir sett på den norske dyrehelsa aukar stadig. Og krev vaktsemd frå oss alle. Smittsame virus kan fraktast med insekt, med vinden eller med, i eller på oss menneske. Vi reiser mykje oftare og lengre no enn før, og kvart år passerer fleire millionar menneske Noregs grensar, noko som mogleggjer at smitte blir frakta frå andre delar i verda. 

Vi kan ta med oss smitteberande varer frå andre land, kva gir alvorlege dyresjukdommar moglegheita til å spreie seg raskt over store avstandar. Det same har smitte som blir frakta i oss menneske, til dømes zoonosar som er sjukdommar som potensielt kan smitte frå menneske til dyr. Menneske kan òg bere smitte på klede, sko og utstyr etter å ha vore i kontakt med dyr, mjølk, kjøtt eller andre materiale som inneheld smittestoff frå dyr.

- Samanlikna med andre, større land har vi små besetningar. Dette gjer kamp mot enkeltutbrot lettare i handtere, og arbeidet med å halde oppe den gode dyrevelferda vi har i Noreg enklare. Likevel er kontinuerleg vaktsemd grunnleggjande for å hindre sjukdommar frå å etablere og spreie seg her til lands, understrekar Hofshagen.

Biotryggleik er avgjerande

Dyrehelserapporten for 2024 er den sjette i rekkja, der Veterinærinstituttets samanliknar kunnskapsgrunnlag frå fleire år. Rapporten viser at husdyra i Noreg har ein svært god og veldokumentert helsestatus med fråvær av mange alvorlege og listeførte dyresjukdommar.

Administrerande direktør ved Veterinærinstituttet Gun Peggy Strømstad Knudsen understrekar at korleis vi jobbar med og har fokus på biotryggleik i Noreg er rette og viktige. Endringar globalt påverkar Noreg, og gjer at vi må vere førebudde på auka risiko.

- At vi har ein låg førekomst av sjukdommar i Noreg er av stor verdi. Det å halde oppe ein god dyrehelsesituasjon i Noreg krev kunnskapsbygging og god samhandling mellom styresmakter, husdyrnæringane og forskings- og forvaltningsstøtteinstitusjonar. Vi vil prioritere kunnskapsbasert beredskap og prøve å føresjå nye truslar gjennom overvaking og analyse av den nasjonale og internasjonale helsesituasjonen, seier Knudsen.

Gun Peggy Strømstad Knudsen overrekker i dag Dyrehelserapporten 2024 til Marit Kolle i Mattilsynet.
Administrerande direktør ved Veterinærinstituttet Gun Peggy Strømstad Knudsen overrekkjer i dag Dyrehelserapporten 2024 til Mattilsynets direktør for tilsynsdivisjon landdyr og slakteri Marit Kolle. Foto: Bente Paulson, Veterinærinstituttet

Eit opptak av lanseringsarrangementet vil bli gjort tilgjengeleg på nettsidene våre i etterkant av lanseringa.

Les heile Dyrehelserapporten 2024 her.

Veterinærinstituttet ønskjer di vurdering av Dyrehelserapporten 2024 og nytten du opplever av at det blir laga ein slik rapport. 

Gå til spørjeundersøkinga her.

Her finn du bilete relevante for lanseringa av Dyrehelserapporten for 2024.

Kontaktpersoner:

Del artikkel