
Det er få listeførte sjukdommar som utgjer eit problem hos landdyr i Noreg. Blåtunge blei i 2024 påvist for første gong sidan 2008/2009. I denne rapporten kan du lese meir om blåtunge i dyreartkapitla om sau og kamelidar. I 2024 var høgpatogen aviær influensa (HPAI, høgpatogen fugleinfluensa) framleis utbreidd blant villfugl i Noreg, og ramma eitt kommersielt fjørfehald og eitt hobbyfuglehald, og dessutan enkelte ville pattedyr. Dei siste åra har HPAI blitt ein større trussel for pattedyra i verda, og i 2024 blei sjukdommen for første gong påvist hos mjølkekyr i USA. I denne rapporten kan du lese om HPAI i dyreartkapitla om storfe, sau, svin, fjørfe, smådyr og vilje dyr.