Trichomonas-infeksjon hos fugl

Den eincella parasitten Trichomonas gallinae kan vera årsak til betennelse i munnhole, svelg og spiserøyr hos ulike fugleartar.

Sjukdommen finst på fôringsplassar i sommarhalvåret, og råkar helst finkefuglar, spesielt Grønfink. Parasitten smittar ikkje til pattedyr eller menneske.

Smittestoff og smittevegar

Trichomonas gallinae er ein eincella, mikroskopisk parasitt som er årsak til betennelse i munnhole, svelg og spiserøyr hos ulike fugleartar. Det finst ulike variantar/stammer av parasitten med ulik sjukdomsframkallande evne.

Parasitten er sårbar for uttørking og kulde, og overlever berre kort tid i miljøet. Sjuke fuglar får problem med å svelgja og misser frø ut av nebbet. Desse frøa er ureina med parasittar og fungerer som smittekjelde for andre fuglar. Slik smitte kan lett overførast på fôringsplassar. Eventuelle vasskjelder på fôringsplassen (fuglebad) kan også vera ei smittekjelde. Smitta fuglar kan også overføra parasitten direkte til ungane gjennom mating.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Parasitten er årsak til sår og betennelse i slimhinner i munnhole, svelg og spiserøyr. Sjuke finkefuglar viser generelle sjukdomsteikn som sløvheit, oppblåst fjørdrakt og manglande flygeevne. Dei har problem med å svelgja fôr og vatn og daudar av svolt, uttørking eller sekundære bakterieinfeksjonar.

Hos fuglar som daudar av Trichomonas-infeksjon kan ein sjå ei gråleg til gulaktig misfarga slimhinne i munnhole, svelg og spiserøyr, og spisrøyrsveggen er fortjukka på grunn av betennelse.

Diagnostikk

Diagnosen blir stilt ved påvising og identifikasjon av levande T. gallinae parasittar. Sidan parasittane går fort til grunne, er det viktig at fuglane blir sende inn innan kort tid (innan to døger) etter at dei er daude. Fuglekroppen må ikkje kjølast ned eller frysast før innsending.

Førekomst

Sjukdommen er velkjend hos duer her i landet (såkalla «gul knopp»). Sidan 2008 er parasitten også påvist hos småfugl i Noreg.

I 2005 blei T. gallinae-infeksjon rapportert hos finkefuglar i England. Sommaren og hausten 2008 blei sjukdommen for første gong sett på småfugl i sørlege delar av Noreg, Sverige og Finland. I åra som følgde blei det påvist vidare spreiing nordover i Skandinavia. Trichomonas hos småfugl har truleg spreidd seg frå Storbritannia til Skandinavia med finkefuglar som trekkjer.

Sjukdommen råkar helst finkefuglar, spesielt grønfink. Enkelttilfelle er også observert hos andre fuglar, som meiser og sporvar, og hos rovfuglar som fangar sjuke fuglar.

Sjukdomsutbrota kjem om sommaren og hausten, og blir borte om vinteren. På mange av fôringsplassane kan dødelegheita vera høg, og både i Storbritannia og Skandinavia er det registrert reduserte vinterbestandar av grønfink etter at denne sjukdommen har dukka opp.

Tiltak

Trichomonas-infeksjon hos duer i oppdrett kan behandlast med medisin, men dette er ikkje aktuelt for viltlevande fuglar. Dersom det oppstår Trichomonas-utbrot på fôringsplassar for småfugl, bør fôringsplassen vurderast stengt i nokre veker.