Spolorm

Ascaris suum, grisens spolorm, er ubikvitær i norske svinebesetningar, og den viktigaste endoparasitten hos gris under norske forhold. Spolormsmitte er assosiert med redusert tilvekst, men ved massive infestasjonar kan grisen få kraftige luftvegssymptom med hoste og tung pust på grunn av larvevandring i lungevevet.

Smittestoff og smittevegar

Ascaris suum har ein direkte livssyklus, der egga blir skilte ut i avføringa hos smitta grisar, for så å gjennomgå utvikling som resulterer i infektivitet i løpet av ein periode på 3-4 veker. Larvene blir først klekte etter at egga har nådd neste vert gjennom oralt inntak. Når larvene blir klekte i tarmen, penetrerer dei tarmveggen i jejunum og 1-2 dagar etter infeksjonen når dei leveren gjennom portalkretsløpet, og blir frakta vidare derfrå med blodstraumen. 4-7 dagar etter inntak av infektive egg vil larvene ha nådd fram til lungene, der dei gjennomgår første hamskifte og deretter bryt ut frå kapillærene og inn i luftvegane. Larvene blir hosta opp og deretter igjen svelgt. 10-15 dagar etter inntak av egg, vil det kunna påvisast vaksne spolormar i tynntarmen. Spolormen legg egga sine i tarmen 6-7 veker etter infeksjonen, og egga følgjer avføringa ut av tarmen. Kvar spolorm-ho kan leggja rundt 200 000 egg om dagen. Inntak av infektive egg skjer ofte i mindre kvanta over tid, slik at larvevandringar kan finna stad samstundes som grisen også har vaksne spolormar i tarmen og skil ut egg i faeces. Syklusen held fram til grisen utviklar ein immunrespons, noko som ofte skjer innan grisane er 5-6 månader gamle.

Spolormegg er svært hardføre. Dei kan overleva i miljøet i fleire år, og tolar både ekstrem kulde og varme godt. Fordi egga har eit klissete ytre lag heng dei seg lett fast på innreiing, klede, fottøy og utstyr. Insekt som lever i avføringa er også mekaniske vektorar for spolormegg. På denne måten har egga eit stort potensial for å bli spreidde rundt på og mellom gardar der det finst vertsdyr. Gris som går ute kan bli smitta gjennom kontaminert jordsmonn, men også gjennom inntak av mellomvertar, slik som meitemark og biller. Hos mellomverten blir egget klekt, og larvene vandrar ut i organa og overlever der i lang tid. Larvene utviklar seg ikkje vidare før mellomverten blir eten av ein mottakeleg vertsart, der dei kan gjennomføra resten av livssyklusen. 

Spolormåtak er vanlege hos sped- og smågris, og dei fleste grisungar vil få sitt første møte med spolormen allereie ved diestadiet, der dei får i seg infektive egg frå huda til purka eller bingemiljøet. Hos preeksponerte grisar vil immunresponsen gjera at larvene i eit sekundært åtak raskt blir kapsla inn i foki av granulomatøs inflammasjon. 

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Store mengder spolorm i tarmen fører til nedsett tilvekst, fordi spolormen konkurrerer med verten om tilgjengelege næringsstoff. Leverkassasjon på slakteriet er også ein tapsårsak som førekjem i ein viss prosentdel av norsk slaktegris på grunn av larvemigrasjon, sjølv om leverskaden sjeldan er så stor at han gir påfallande kliniske symptom hos den levande grisen. Enkelte gonger kan store mengder vaksne spolormar i tarmen føra til tilstopping av gallegangane eller tarmlumen.

Ved mildare åtak kan grisane vera asymptomatiske, medan alvorleg infiserte grisar har sterkt forsert respirasjon, særleg tydeleg ved utpust, og ofte hoste. Mellom desse ytterpunkta finn ein gris med redusert tilvekst og eit meir diffust sjukdomsbilete. 

Spolormvandring predisponerer for sekundære infeksjonar med virus og bakteriar i lungene.

Dei alvorlegaste tilfella ser ein hos naive grisar som blir eksponert for spolorm for første gong når dei er meir enn 20 kg tunge, og som kan utvikla livstrugande klinisk sjukdom forårsaka av lungevandring. 

Ved obduksjon kan ein sjå typiske leverskader, såkalla «milk spots», forårsaka av larvevandring. Desse er angitt å skulla forsvinna i løpet av 6 veker, og funn av slike flekkar indikerer dermed ein relativt fersk infestasjon. Larvevandring i lungene er assosiert med petekkiale blødningar som oppstår når larvene bryt gjennom kapillærane og inn i alveolene. Histologisk er også interstitell pneumoni, eosinofil bronkiolitt og alveolært ødem synleg der larvene har vandra gjennom lungevevet. Vaksne spolormar kan observerast i tynntarmen, og er ofte synlege eller følbare gjennom tarmveggen. Dei er 20-30 cm lange med diameter omtrent som ein blyant.

Ved kartlegging av status for spolormbelastning i ei besetning bør det tas avføringsprøvar frå minst 5-10 gris i kvar av aldersgruppene 2-6 mnd, ungpurker og vaksne purker. Prøvetakinga bør fordelast på fleire bingar, og kan undersøkjast som samleprøvar med avføring frå 5 dyr i kvar.

Undersøkinga blir utført ved hjelp av modifisert McMaster-metode med eggteljing, og svara blir angitt som egg per gram avføring (EPG). Ein reknar eggtal under 500 EPG som låge, eggtal mellom 500 og 5000 EPG som middels høge, og eggtal over 5000 EPG som høge.

Slik undersøkjing er berre av verdi dersom den prepatente perioden er over og utskiljing av egg har begynt. Sidan heile syklusen tek omkring 2 månader frå inntak av egg til utskiljing av egg i faeces, er det ikkje hensiktsmessig å undersøkja avføring frå grisar som er yngre enn 2 månader, eller i akutte tilfelle hos naive dyr. I slike tilfelle vil ein derfor berre kunna stilla ein sikker diagnose post mortem. Funn av små immature larver i tynntarmen og kvite flekkar på leveren er diagnostisk. Lungene kan også undersøkjast for larver ved at biter av lungevev blir lagt i eit glas med vatn. Larvene vil migrera ut av lungevevet og synka til botnen. 

Det finst også ein ELISA-test for antistoff mot A. suum, som er utvikla til bruk på slaktegris. Testen baserer seg på blodprøver frå minst 10 grisar per grishus, tekne kort tid før slakt, og er eigna til å seia noko om smittetrykket i besetninga, og dermed den samla effekten av førebyggjande tiltak.

Førekomst

Grisens spolorm førekjem i større eller mindre grad i dei fleste besetningar, og er ikkje meldepliktig. Egga overlever i fleire år i jordsmonn gjødsla med grisegjødsel, og på beiteområde der det har gått smitta gris.

Ascaris suum-egg kan også klekka i tarmen til andre dyr enn gris, og larvene kan i slike tilfelle føra til visceral larva migrans. Dyr som blir råka kan utvikla alvorleg inflammatorisk sjukdom på grunn av dei aggressive vandringane i ulike organ, mellom anna i form av verminøs lungebetennelse. Andre husdyr, slik som storfe, som bli haldne i fjøs der det tidlegare har gått svin, er i faresona for utvikling av slik sjukdom.

Embryonerte egg av Ascaris suum er også infektive for menneske. Ascaris suum og menneskets spolorm, Ascaris lumbricoides, har eit nært genetisk slektskap og er ikkje moglege å skilja morfologisk, og det vert spekulert i om dei to i røynda er ein og same art. A. suum-larver som blir klekte i tarmen hos menneske gjennomgår dei same lever- og lungevandringane som hos grisen, for så å koma attende til tynntarmen der dei utviklar seg til juvenile vaksne og blir støytte ut. I enkelte tilfelle kan dei endåtil gjennomgå heile livssyklusen med påfølgjande utskiljing av egg i faeces med menneske som vert.  

Tiltak

Strikt hygiene med godt reinhald ved innandørs hald av gris kan redusera førekomsten av egg i miljøet, og dermed parasittrykket i besetninga. Driftsopplegg med alt inn-alt ut med grundig vask mellom innsetta er sikrast i så måte, men elles er nedvask av grishuset 1-2 gonger i året og vask av bingar mellom påfølgjande puljer også med på å redusera smittetrykket. Høgdrektige purker bør få ein grundig vask før dei blir flytta til nyvaska fødebingar. Flytting av grisungane til smågrisavdeling ved avvenning (4-6 vekers alder) gjer at dei ikkje rekk å skilja ut egg i fødebingen før flytting. Det er i det daglege viktig å fjerna avføring frå bingen relativt raskt, og sørga for at det ikkje er fuktig i bingane, sidan fuktige miljø er gunstige for utvikling av infektive spolormegg. Minst dagleg utmåking i bingar med fast golv, samt bruk av rikeleg med strø som blir skifta ofte, har vist seg å redusera førekomsten av spolormegg.

Talle gir svært gunstige forhold for opphoping og overleving av Ascaris suum-egg dersom smitta grisar får gå der, med påfølgjande risiko for kraftige infestasjonar. Kontroll med spolorm hos grisar som går på friland er også ei stor utfordring. I utekveer er det i praksis umogleg å fjerna alle egga, og slike kveer kan vera infektive i årevis.

Sidan egga til Ascaris suum har ei unik evne til overleving og ein ubikvitær distribusjon, er det ikkje aktuelt å sanera.

Bruk av anthelmintika er ofte eit naudsynt supplement til gode hygienetiltak. Det er vanleg å tilrå behandling av drektige purker om lag ei veke før flytting til godt reingjorte fødebingar. Ved puljedrift kan dette vera behandling nok, men i besetningar med meir kontinuerleg grising bør i tillegg smågrisane behandlast ved 5-6 vekers alder. Rånar bør behandlast kvar tredje månad, helst i kombinasjon med flytting til reingjort binge. I slaktegrisbesetningar med mykje leverkassasjon forårsaka av ”milk spots” kan det også vera aktuelt å behandla slaktegrisen straks etter mottak, eller aller helst avtala eit behandlingsregime for smågrisen før overflytting.