Spirokjetal diaré

Spirokjetal diaré er forårsaka av bakterien Brachyspira pilosicoli, og førekjem helst hos gris dei 3-4 første vekene etter avvenning. Bakterien kan gi ein relativt mild, dysenteriliknande tilstand og er den viktigaste differensialdiagnosen til svinedysenteri.

Smittestoff og smittevegar

Bakterieslekta Brachyspira inneheld ni offisielle og fleire uoffisielle artar, mellom desse er tre av artane (deriblant Brachyspira hyodysenteriae) kjende for å forårsaka svinedysenteri, som er ein alvorleg diarésjukdom – sjå faktaark om svinedysenteri for meir informasjon.

Brachyspira pilosicoli er mindre patogen, og gir opphav til sjukdomen spirokjetal diaré. Det er mange subtypar av B. pilosicoli, og det er grunn til å tru at desse har varierande patogenitet. Det kan vera ein del av forklaringa på at B. pilosicoli i enkelte besetningar fører til relativt alvorlege diaré-problem, medan han i andre besetningar kan påvisast utan at ein ser tilfelle av diaré.

B. pilosicoli har ei inkubasjonstid på 5-20 dagar, og festar seg tett på slimhinna i blindtarm og kolon. Det er ikkje påvist toksinproduksjon hos arten.

B. pilosicoli smittar fekalt-oralt, og kan overleva i fleire månader i fuktige miljø, og særleg i grisegjødsel. Bakterien sprer seg mellom besetningar gjennom smitta dyr og utstyr, og innanfor besetningar frå dyr til dyr og gjennom kontaminerte overflater og gjenstandar. Bakterien kan isolerast både frå dyr med og utan kliniske symptom, sjølv om han er vanlegast å finna hos gris med pågåande diaré.

Hundar, kattar, mus og rotter kan vera smitteførande i kortare periodar, og fungera som smittereservoar. Smitta villfuglar kan potensielt pre smitte vidare dersom dei kjem i direkte kontakt med gris eller kontaminerer t.d. drikkevatn med avføring. 

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Gråleg grautete til vassen avføring er typisk for infeksjonar med B. pilosicoli. Allmenntilstanden er påverka i svært varierande grad, frå sterkt påkjent til nærmast normal. Tilstanden er vanlegast hos smågris dei første vekene etter avvenning, men førekjem også hos andre aldersgrupper, og kan ikkje skiljast klinisk frå milde forløp av svinedysenteri.

Spirokjetal diaré blir ofte komplisert av samtidig infeksjon med andre bakteriar eller virus. Ved samtidig infeksjon med PCV2 og/eller Lawsonia intracellularis, bakterien som forårsakar tarmadenomatose, vil effekten bli potensert. I slike tilfelle kan det oppstå blodig diaré og dødsfall, som ikkje er vanleg ved ukomplisert spirokjetal diaré.

Ved obduksjon av typiske tilfelle vil tarmslimhinna framstå hyperemisk, med moderate mengder slim i tjukktarmen, der tarmveggen også kan vera lett fortjukka. Hos grisar med diaré kan bakterien påvisast i feces ved bakteriologisk dyrking. Hovudårsaken til prøvetaking og utgreiing er utelukking av svinedysenteri forårsaka av B. hyodysenteriae.

Aktuelle differensialdiagnosar er andre årsakar til diaré i tida mellom avvenning og slakt, særleg svinedysenteri, samt infeksjonar eller ko-infeksjonar med PCV2 eller L. intracellularis. 

Førekomst

Spirokjetal diaré førekjem hos svin verda over, og ein norsk feltstudie frå 2000 påviste den aktuelle bakterien i over 50% av dei undersøkte besetningane. Det er ingen krav om fridom frå B. pilosicoli i verken konvensjonelle eller SPF-besetningar.

B. pilosicoli er isolert frå mange ulike dyrearter, men det er usikkert om isolat frå andre artar er patogene for grisen. Ein har også isolert bakterien frå menneske, men sjukdomen er likevel ikkje å rekna som ein zoonose.

Tiltak

Optimalisering av fôring og miljø den første tida etter avvenning og etter innsett i slaktegrisavdelinga kan førebyggja utbrot av klinisk sjukdom. Det er særleg viktig å unngå trengsel i bingane og samanblanding av grisar med ulik alder, samt å sikra optimal temperatur.

Dersom det unntaksvis er aktuelt med antibiotikabehandling kan tiamulin tilsetjast i drikkevatn eller våtfôr i ein behandlingsperiode på fem dagar. Forsøk på sanering for bakterien er ikkje tilrådd.

Det finst ingen tilgjengelege vaksinar mot spirokjetal diaré.