Ødemsjuke

Ødemsjuke er enterotoksemi forårsaka av særskilte stammar av Escherichia coli. Sjukdomen er vanlegast å sjå hos smågris dei første 2-3 vekene etter avvenning, og kan opptre åleine eller samstundes med utbrot av avvenningsdiaré.

Smittestoff og smittevegar

Enkelte serotypar av E.coli produserer Shiga-toksin(Stx). Ødemsjuke oppstår når tarmen blir kolonisert av Stx2e-produserande E. coli, og dette toksinet deretter blir absorbert frå tarmen og går over i blodsirkulasjonen. Toksinet fører til skade på blodkar som gir væskeutsiving til ulike vev, mellom anna i underhudsvevet og i sentralnervesystemet.

Dei vanlegaste serotypane som blir isolerte frå grisar med ødemsjuke er O138, O139, O141 og O147, med fimbrieantigenet F18.

Som dei fleste andre E. coli blir også dei stammene som er assosierte med ødemsjuke overførte fekalt-oralt, og for utvikling av klinisk sjukdom er mange faktorar involverte:

  • Tap av spesifikk og uspesifikk immunitet frå purkemjølka.
  • Overgang til nytt og proteinrikt fôr
  • Stress på grunn av flytting og blanding med grisar frå andre kull
  • For låg temperatur i omgjevnadane

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Ødemsjuke er vanlegast hos smågris i vekene etter avvenning, men kan i enkelte tilfelle også oppstå seinare eller tidlegare. Sjukdomen opptrer gjerne sporadisk hos enkelte grisar, men kan også i nokre tilfelle råka større delar av ei smågrisbesetning.

I akutte tilfelle kan sjukdomen gi seg til kjenne ved akutte dødsfall utan at det har blitt observert kliniske symptom på førehand. Sjuke grisar får i typiske tilfelle nedsett matlyst, stiv og ustø gange, kramper og unormal vokalisering, og blir generelt nedstemte. Sjukdomen gir ofte karakteristisk underhudsødem i augelokk og panne.

På grisar som utviklar klinisk sjukdom vil dødelegheita i dei fleste tilfelle vera høg.

Ved mistanke om ødemsjuke bør det obduserast minst 3-4 ubehandla grisar. Ved feltobduksjon bør nedkjølte prøvar frå tynn- og tjukktarm sendast inn til undersøking. Dersom det er uaktuelt med obduksjon, kan det sendast inn svaber-/avføringsprøvar frå akutt sjuke, ubehandla dyr. I slike tilfelle bør det tas prøvar frå fleire dyr, helst også fordelt på fleire kull.

I typiske tilfelle viser obduksjonen ødem i underhudsvevet over naserygg, panne og augelokk. I tillegg kan ein ofte finna ødem i slimhinna på strupehovudet og i magesekken, samt interstitielt i tjukktarmsveggen og i krøset til kolonspiralen. Ødema er ikkje alltid like tydelege, og dei har ein tendens til å tapa seg dersom det går lang tid før grisen blir obdusert. Tynntarmslimhinna kan vera hyperemisk og tarminnhaldet grågult, "majonesliknande".

Dersom lungene er affiserte, finn ein varierande grad av lungeødem, samt karakteristisk flekkvis stuvning sublobulært i lungene. Affiserte grisar er ofte i godt hald.

Dersom klinikken og obduksjonsfunna er typiske, kan diagnosen stillast utan bakteriologisk dyrking. I praksis blir det, i dei aller fleste tilfelle, likevel rekna som nødvendig å dyrka frå tarmen før ein sikker diagnose kan slåast fast. Dette gjeld særleg dersom diagnosen ikkje tidlegare er stilt i den aktuelle besetninga.

Den bakteriologiske undersøkinga tek då også sikte på resistensundersøking og typing av E. coli dersom bakterien blir framdyrka i tilnærma reinkultur. Veterinærinstituttet i Ås kan utføra såkalla OK-typing av bakteriekulturar av E. coli, , og PCR-undersøking for Stx2e-produksjon.

Viktige differensialdiagnosar under norske forhold:

  • Avvenningsdiaré med akutt forløp
  • Transportsjuke/ Glässers sjukdom (Haemophilus parasuis)
  • Streptokokkinfeksjon med hjernehinnebetennelse
  • Ulike forgiftingar

Aktuelle differensialdiagnosar på verdsbasis:

  • Teschen sjukdom (Høgvirulent porcint teschovirus type 1)
  • Aujezsky’s sjukdom/pseudorabies
  • Afrikansk og klassisk svinepest

Førekomst

E. coli er ein del av den normale tarmfloraen hos gris og andre dyr. Ulike stammar kan gi ødemsjuke hos smågris, og førekomsten av dei ulike stammene varierer frå land til land. I Noreg er O139 den vanlegaste serotypen knytt til ødemsjuke.

Stammane som kan gi ødemsjuke er stort sett ikkje sjukdomsframkallande hos spedgris før avvenning, både på grunn av maternelle antistoff og manglande reseptorar for det aktuelle F-antigenet (F18) i tarmen hos så unge grisar.  

Sjukdomen er ikkje meldepliktig.

Tiltak

Det er oftast liten effekt av å behandla grisar som allereie har byrja å visa kliniske teikn på ødemsjuke, og det mest humane vil i dei fleste tilfelle vera avliving. Dersom behandling skal forsøkast er det tilrådd å kombinera antibakterielle middel (Sulfa/trimetoprim er førsteval) med smertestillande og betennelsesdempande i form av NSAIDs.

Det finst svært effektive godkjente vaksinar til førebyggjande bruk mot ødemsjuke hos gris. Vaksinane baserer seg på aktiv immunisering av grisungar frå 2-4 dagars alder med rekombinant Stx2e-toksin.

Optimalisering av miljøet og rutinane rundt avvenning er ein avgjerande del av førebygginga. Bruk av avvenningstorv og/eller organiske syrer i fôret har vist seg å ha positiv effekt. Diettar som er rike på protein og energi i tida rundt avvenning kan predisponera for bakterievekst i tarmen, og ein del av førebygginga er derfor redusert fôrstyrke akkurat i denne perioden. Kontakt besetningsveterinær eller rådgjevar ved slakteri/fôrprodusent for å diskutera førebyggjande tiltak.