Symptoma kan visa seg etter 12 timar, men dei fleste blir sjuke 1-2 døger etter at dei har fått i seg virus.
Smittestoff og smittevegar
Norovirus tilhøyrer familien Caliciviridae og omfattar ei gruppe virus som formeirar seg i tarmen og ofte er årsak til sjukdom hos menneske. Virusa er vertsspesifikke, og humant norovirus blir ikkje oppformert i tarmen hos dyr. Norovirus hos dyr skil seg genetisk frå mennesket sitt norovirus, og ein har ingen indikasjon på artskryssing.
Norovirus blir skilt ut med avføring og i oppkast frå infiserte personar. Slike personar er smittekjelde ved sjukdomsutbrot. Enkelte kan skilja ut virus utan å vera sjuke sjølve. Direkte kontakt mellom personar og via ureina overflater er kanskje viktigare smittevegar enn via mat.
Det finst store mengder virus i avløpsvatn, både reinsa og ureinsa, fordi norovirus blir skild ut med avføring. Østers og blåskjel som lever i område der reinsa avløpsvatn renn ut, kan dermed ta opp virus. Virus kan ikkje formeira seg i mat, men kan overleva lenge her, særleg om maten blir halden kjøleg eller fryst. Typiske risikoprodukt er mat som blir handtert og eten kald, som smørbrød, bær, grønsaker og kaker.
Norovirus er ikkje spesielt varmestabile, slik at næringsmiddel som skal etast varme ikkje er spesielt smittefarlege. I romtemperatur vil viruset langsamt bli inaktivert.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Symptoma på sjukdom viser seg når celler i tynntarmen blir øydelagde fordi viruset formeirar seg der. Berre 10-100 viruspartiklar trengst for å gi sjukdom, og fordi immuniteten hos smitta personar er kortvarig, er folk i alle aldrar mottakelege.
Sjukdommen varer oftast 1-2 døger. Symptoma er som regel milde og består av akutt kvalme, oppkast, magesmerter og diaré. I tillegg kan pasienten ha hovudverk, muskel- og magesmerter og feber. Ein sjeldan gong må personar leggjast inn på sjukehus på grunn av væsketap og utmatting. Dette gjeld særleg eldre menneske. Les meir om norovirus og behandling hos Nasjonalt folkehelseinstitutt: http://www.fhi.no
Diagnostikk
Prøver frå mistenkte tilfelle av norovirusinfeksjon kan analyserast ved Fakultet for veterinærmedisin og biovitskap – Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU). Mest aktuelle prøver er frukt, bær, grønsaker, vatn og skjel. For meir informasjon om virus eller innsending av prøver, sjå: http://www.nmbu.no.
Førekomst
Norovirus er truleg den vanlegaste årsaka til mage/tarmbetennelse som ikkje skuldast bakteriar, i industrialiserte land. I Noreg har ein sett mange utbrot som skuldast ubehandla drikkevatn eller vatn som er blitt ureina igjen etter behandling. Frosne, ureina bær har vore årsak til store utbrot i våre naboland.
Utbrot i institusjonar som skular, eldresenter og sjukehus skjer oftast i den kalde årstida. Også cruiseskip og hotell kan få problem med dette viruset. Mange av desse utbrota skuldast truleg kontaktsmitte eller smitte via gjenstandar.
Tiltak
Norovirus er følsame for varme. Difor er det i hovudsak mat som blir eten kald som er problemet ved virussmitte. Norovirus i vatn blir stort sett inaktivert ved klorering og behandling med UV-lys.
Dei viktigaste førebyggjande tiltaka mot matborne utbrot der årsaka er norovirus er:
- God hand- og kjøkenhygiene ved tillaging av mat for å hindra at råvarer og produkt blir ureina
- Vask hendene med såpe og vatn før du sjølv skal eta «handmat»
- Ikkje lag i stand mat til personar utanfor familien dersom du sjølv er sjuk eller har barn som har oppkast og diaré
- Vask og desinfiser (hushaldsklor) flater som kan ha blitt ureina med virus
- Unngå å drikka ubehandla vatn frå overflatekjelder
- Kok eller damp blåskjel til innmaten har trekt seg saman