Smittestoff og smittevegar
Mastitt hos purker kan grovt delast inn etter når i laktasjonsperioden purka vert råka. Mastitt som fører til mjølkemangel i løpet av dei første tre dagane etter grising er stort sett forsårsaka av koliforme bakteriar, medan mastitt som opptrer når det nærmar seg tid for avvenning stort sett kan tilskrivast grampositive bakteriar (stafylokokkar og streptokokkar).
Utvikling av koliform mastitt kan forekoma når jur og spenar blir forureina av tarmflora frå purka sjølv, bakteriar som finst i munnen til grisungane, samt bakteriar i miljøet. Fødebingar der purka blir liggjande i eiga avføring etter grising predisponerer for utvikling av koliform jurbetennelse, sidan juret då kontinuerleg blir utsett for kontakt med tarmbakteriar.
Purka er mest mottakeleg for smitte dei få dagane rett før og rett etter grising. Bakteriane forsvinn vanlegvis frå juret i løpet av få dagar, medan mjølkemangelen kan vara ved utan behandling.
I om lag ein tredjedel av purker med mastitt, blir same bakterieisolat funne i juret, børa og urinblæra. PPDS (post partum dysgalakti syndrom) er ei nemning som blir brukt om forstyrringar i laktasjonen den første tida etter grising. Dette blei tidlegare kalla MMA (mastitt, metritt og agalakti (mjølkemangel)).
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Dei første teikna på mastitt hos purka ser ein stort sett i løpet av dei første to dagane, av og til så seint som tredje dagen, etter grising. Purka får feber, verkar utilpass og nedstemt, og mistar interessa for grisungane. Ho legg seg helst i brystleie. Inntak av fôr og vatn er enten redusert eller heilt fråverande. Grisungane til purker med klinisk mastitt er synleg påverka av mjølkemangelen. Dei søkjer seg ofte til juret, beveger seg då frå spene til spene, og fell ikkje til ro etter diing. Grisungar som manglar mjølk kan sleikja urin frå golvet, og suttar gjerne på kvarandre.
Koliform mastitt kan vera vanskeleg å diagnostisera klinisk, fordi ein del tilsynelatande friske purker også kan vera råka av subklinisk KM. I tillegg er dei kliniske funna vanskelege å skilja frå det ein finn hos purker med mjølkemangel av andre årsakar.
I alvorlege tilfelle er juret oftast varmt og hardt, og dei inguinale lymfeknutane er gjerne forstørra.
Mjølkemangel hos dei yngste grisungane bør leia tankane mot koliform mastitt hos purka.
Det er vanlegvis ikkje aktuelt å ta mjølkeprøvar for bakteriologisk undersøking i samband med rutinediagnostikk av mastitt hos purker, men det bør vurderast i besetningar der PPDS pga. mastitt er ei tilbakevendande utfordring. Det finst ingen hurtigtest for celletal, slik som hos storfe.
Førekomst
Mastitt forårsaka av koliforme bakteriar førekjem over heile verda, og er ein vanleg årsak til jurbetennelse hos purker i dagane rundt grising. Koliforme bakteriar kan ofte påvisast i jurkjertlar også hos klinisk friske purker med friske kull.
Sjukdomen er ikkje meldepliktig.
Tiltak
Dersom ein ser det kliniske biletet skildra ovanfor, med påkjent purke og frustrerte grisungar dei første to-tre dagane etter grising, tilrås det å setja i gang med antibiotikabehandling, kombinert med NSAIDs og oksytosin. Dersom mjølkemangelen opptrer utan feber eller allmennpåkjenning hos purka, er NSAIDs åleine indikert, evt. i kombinasjon med oksytosin.
Sjukdomen er sjeldan dødeleg for purka, men kan føra til store spedgristap, og det må derfor rettast inn tiltak mot grisungane på eit tidleg tidspunkt i form av erstatningsfôring eller omplassering av kullet til andre purker. Det er viktig at desse grisungane, som er ekstra sårbare, ikkje blir utsette for nedkjøling .
Førebygging baserer seg på hygienetiltak for å hindra at purka blir liggjande med spenane i avføring og får desse kontaminerte av tarmbakteriar, samt redusert stress rundt grising. Purkene bør vera på plass i fødebingen minst fem dagar før forventa grising og bør heile tida ha fri tilgang på grovfôr av god kvalitet. Sameleis er det viktig at purkene gis tilgang på reirbyggjemateriale 3 døgn før forventa grising. Så snart som muleg etter grising, skal purkene opp på beina og røra på seg.
Dersom meir enn 10-15% av purkene blir råka av mastitt i tida etter grising, er dette rekna som eit besetningproblem, og bør følgjast opp med ein grundig gjennomgang av eigne rutinar, gjerne i samråd med veterinær eller rådgjevar.