IHN er listeført både i Noreg og EU (kategori C+D+E), og påvising av eller mistanke om IHN skal straks varslas til Mattilsynet via Altinn.
Smittestoff og smittevegar
Sjukdommen skuldast IHNV-virus, genus Novirhabdovirus, i familien Rhabdoviridae, som er kappekledte, enkelttråda RNAvirus. Basert på eit avgrensa område av genomet vert viruset delt inn i fem genotypar (U, M, L, J og E). Bokstavane U, M og L står for Upper, Middle og Lower og syner den opphagelegen utbreiinga av genotypane på vestkysten av Nord-Amerika. Smitte frå Nord-Amerika er opphav til genotype E i Europa og genotype J i Japan.
Blant mottakelege artar er regnbogeaure, stillehavslaks, røye og atlantisk laks. Sjukdommen kan òg induserast eksperimentelt hos andre artar, som til dømes gjedde. Yngel er til vanleg meir mottakeleg for sjukdommen enn eldre fisk.
IHN har tradisjonelt gitt størst problem i intensivt oppdrett av regnbogeaure. Yngel blir hardast råka, men større fisk har òg blitt sjuk. Dei fleste sjukdomsutbruta skjer på våren og hausten ved relativt låge temperaturar (8-15 °C).
Sjukdomsteikn
Dei viktigaste kliniske teikna har vore knytt til problem med osmoregulering og blodsirkulasjon. Dette syner seg som utståande auger og veske i bukhola.
Diagnostikk
Ved obduksjon finn ein småblødingar i organa og svulne nyrer. Ved mikroskopisk undersøking av vevssnitt finn ein utbreidd celledød i hematopoetiske (bloddannande) vev, og det er desse karakteristiske endringane som har gitt sjukdommen namn.
IHN-virus kan påvisast i vevet ved merking med spesifikke antistoff. IHN-virus kan òg påvisast ved dyrking i cellekultur eller ved molekylærbiologiske metodar som PCR.
Ved påvising av IHN i Noreg, vil materiale verte sende til EUs referanselaboratorium for fiske- og krepsdyrsjukdommar (EURL Fish & Crustacean Diseases) i Danmark.
Differensialdiagnosar
Viral hemoragisk septikemi (VHS) som skuldast eit anna rhabdovirus og bakteriar som gir septikemiske forandringar er aktuelle differensialdiagnosar. Hemoragisk smoltsyndrom (HSS) kan òg likne IHN makroskopisk.
Førekomst
IHN har aldri vore påvist i Noreg.
IHN var opphaveleg eit amerikansk problem, særleg på vestkysten av USA og Canada. Seinare er sjukdommen påvist i land som har importert avlsmateriale frå desse landa, mellom anna i Japan, Chile, Italia, Frankrike, Tyskland og Belgia. I november 2017 blei IHNV påvist for fyste gong i Finland.
I mai 2021 kom det melding frå Danmark om funn av IHNV på regnbogeaure i eit dambruk på Jylland. Fisken var utan kliniske teikn. Viruset var av genotype E, og det er grunn til å tru at viruset blei introdusert frå Tyskland. I løpet av sommaren og tidleg haust blei viruset påvist på til saman åtte oppdrettsanlegg og tre anlegg for fritidsfiske (såkalla put & take-sjøar). Den 10. desember 2021 informerte Danmark EU-kommisjonen om at dei gav opp fristatusen sin for IHN. I løpet av våren og sommaren 2022 blei IHN påvist på ti oppdrettsanlegg til i Danmark.
Overvaking
Noreg har sidan 1994 hatt fristatus for IHN. Eit overvakingsprogram blei starta i 2004.
Overvakingsprogrammet er i dag risikobasert og omfattar aktive lokalitetar med laks og regnbogeaure. Aktuelle prøvar innsende til Veterinærinstituttet med mistanke om eller overvaking av annan listeført sjukdom eller for generell sjukdomsoppklaring blir undersøkt for IHNV med PCR. Prøvar frå pukkellaks er inkludert i overvakingsprogrammet i enkelte år. Sidan 2021 er det teke prøvar frå regnbogeaure i innlandsoppdrett for undersøking for IHNV, og i 2022 blei òg brunaure i kultiverings- og matfiskanlegg inkludert. I 2022 blei dessutan prøvar frå villfisk inokulerte i cellelinjer som er mottakelege for IHNV, og prøvar frå enkelte fisk vart undersøkte med PCR på grunnlag av høg dødelegheit eller histologiske funn.
Gå til overvakningsprogram for VHSV og IHNV
Tiltak
IHN er listeført både i Noreg og EU (kategori C+D+E), og ei påvising vil innebere destruksjon av all fisk på lokaliteten med smitte («stamping out»). Det vil dessutan verte oppretta ei restriksjonssone som omfattar nærliggande lokalitetar.
Det er ingen godkjend vaksine i Noreg.