Infeksiøs bronkitt

Infeksiøs bronkitt (IB) er ein svært smittsam luftvegsinfeksjon hos høns. I tillegg til luftvegssymptom kan verpande høns få produksjonsproblem.

IB er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om IB skal straks meldast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til IB er eit coronavirus. Smitta dyr skil ut virus frå luftvegane og via avføring allereie frå ein til tre dagar etter at dei er smitta.

Dyra kan halda fram med å skilja ut virus i fleire veker etter at kliniske symptom er borte, og viruset kan finnast i tarmen i opptil fleire månader. Infeksiøst bronkittvirus blir ikkje spreidd vertikalt via egg, men egget si overflate kan vera kontaminert. IB-virus spreier seg raskt i ein flokk. Overføring av livdyr, luftboren smitte, spreiing via avføring og med vektorar som personar og utstyr er viktige faktorar for smittespreiing mellom flokkar.

Sjukdommen er vidt utbreidd hos hobbyfjørfe og i Noreg er hobbyhøns truleg det viktigaste smittereservoaret.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Infeksiøst bronkittviruset angrip luftvegane hos mottakelege dyr i alle aldrar og kan vera årsak til luftvegssymptom som nysing, auka naseflod, oppsvulma hovud (biholebetennelse) og nedsett allmenntilstand. Unge kyllingar kan dø av sjukdommen, mens den hos unghøner og vaksne høner gir ukompliserte infeksjonar med få eller ingen døde. Sekundære bakterielle infeksjonar kan derimot føra til at fleire dyr stryk med.

Smitte i flokkar med verpehøns kan visa seg som eit kraftig fall i eggproduksjonen.

Verpeprosenten kan bli meir enn halvert, og ein kan sjå egg med ujamne, skjøre skal og tyntflytande eggekvite. Det kan ta fire til seks veker før produksjonen tek seg opp igjen. Ein kan også finna nyreskader som følgje av infeksjonen, og dette kan gje dårlege produksjonsresultat, særleg hos slaktekylling.

Det tek oftast 18 til 36 timar frå dyret er smitta til det viser symptom.

Diagnostikk

Infeksjon med infeksiøst bronkittvirus kan diagnostiserast ved å påvisa virus, enten ved dyrking eller ved hjelp av molekylærbiologiske metodar. Antistoff i blodet kan også påvisast ved ulike metodar.

Førekomst

Sjukdommen er vidt utbreidd hos hobbyfjørfe i Noreg, og IB-virus blir med jamne mellomrom påvist i hobbyhønsflokkar. Det har òg vore sporadiske og enkeltståande utbrot i kommersielle fjørfeflokkar, sist hos importerte slaktekylling-foreldredyr i 2018.

Det var fleire utbrot av IB i Sverige på 1990-talet. Ein byrja på grunn av desse utbrota å vaksinera kommersielle avlsflokkar, unghøns og nokre verpehønsflokkar mot IB. Viruset er også utbreidd i Danmark, og IB kontrollerast med vaksinering. IB var uvanleg i kommersielle flokkar i Finland fram til 2023. Då spreidde IB-viruset seg raskt gjennom store delar av den finske fjørfeindustrien, noko som førte til alvorleg sjukdom og store produksjonstap. Som følge av dette vart vaksinering innført i Finland same år.

IB finst i heile verda, og ein reknar med at høns er den einaste arten som er mottakeleg for sjukdommen. Eit liknande virus finst hos fasan.

Sjukdommen betyr mykje økonomisk for det kommersielle hønsehaldet, også i land som vaksinerer for å kontrollera sjukdommen.

IB-virus gir ikkje sjukdom hos menneske.

Tiltak

IB er ein liste 2-sjukdom. Sjukdommen blir i dag førebygd ved generelle tiltak mot smitte i hønseflokkar. I denne samanhengen er skjerming mot hobbyfjørfe viktig.

Ein har til no ikkje teke i bruk vaksinasjon i Noreg fordi sjukdommen sjeldan finst i kommersielle flokkar, og vaksinasjon kan ha visse biverknader. Aktuelle vaksiner inneheld levande, svekka virus. Innføring av vaksinering vil òg få økonomiske konsekvensar.

Kontaktpersonar:

Grim Rømo

Fagansvarlig fjørfe og veterinær
Vis telefonnummer
Send e-post

Alle ansatte