EIA er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om EIA skal straks rapporterast til Mattilsynet.
Smittestoff og smittevegar
Infeksiøs anemi skuldast eit virus (equint infeksiøst anemivirus – EIAV) som er eit lentivirus i familien Retroviridae, i slekt med mennesket sitt HIV og CAEV/Mædivirus på småfe. Viruset smittar hestar, esel og muldyr.
Viktigaste smitteveg er via ulike blodsugande/stikkande insekt. I tillegg kan viruset overførast frå hoppe til føl i fosterlivet og via colostrum (råmjølk).
Smittespreiing kan også skje gjennom serum og andre blodprodukt og ved gjenbruk av kanylar mv. Det er mulig at virus også kan spreiast via luft, ved inhalasjon av aerosolar frå smitta hest. Smitta hestar held fram med å skilja ut virus gjennom heile livet.
Virus kan overleva utanfor dyret i blod, vev og tørr møkk.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Sjukdommen viser seg ved undulerande (periodisk) høg feber, anemi, kraftløyse og i alvorlegare tilfelle dødsfall. Inkubasjonstida er til vanleg 1-3 veker, men kan variera frå 3 dagar til 3 månader.
Viruset fører til ein sterk reaksjon frå immunapparatet, både humoral og cellebunden immunrespons, og dette er årsaka til mange av symptoma. Det er akutte og kroniske former for EIA, men også meir eller mindre symptomfrie (subkliniske) former.
Den akutte forma er karakterisert av periodevis svært høg feber (40-42 °C) der viruset finst i blodet. Dyret mister matlysta, verkar nedstemt, og ein ser trombocytopeni (nedgang i talet på blodplater), auka puls, blodig diaré, petechiale (punktforma) blødingar i konjunktiva (augeslimhinna) og andre slimhinner, bleike slimhinner, anemi (blodmangel) ødem under huda, ikterus (gulsott), vekttap og i alvorlege tilfelle død i løpet av 10-30 dagar.
Overlever hesten, går sjukdommen over i ein kronisk fase med tilbakevendande feber og nedsett allmenntilstand. Dyret kan verka rimeleg friskt mellom feberperiodane, men vil ha redusert prestasjonsevne på grunn av anemi.
Hestar kan ha svake symptom og subkliniske infeksjonar. Infeksjon hos drektige hopper kan føra til abort, daudfødslar og svaktfødde føl.
Diagnostik
Patologiske funn heng saman med stadium av sjukdom. Funna viser i stor grad effekten av skader som kjem av dyret sin eigen immunrespons. I tillegg til symptombiletet som er beskrive tidlegare, kan ein finna svulne lymfeknutar, forstørra milt og lever, tydeleg lappedeling av levra, bløding på innvollar og slimhinner, mononukleære celleinfiltrat i lever, binyrer, milt, lymfeknutar, lunger og meninger, og makrofagar med hemosiderin i lymfeknutar, lever, milt og beinmarg. Ein kan også finna glomerulonefritt.
Ein sannsynleg diagnose kan stillast på grunnlag av kliniske symptom og/eller obduksjon.
Diagnosen kan verifiserast med ein serologisk test for antistoff mot EIAV (AGID-agar gel immunodiffusjonstest eller Coggins test). Det finst også andre ELISA og PCR-metodar, men genetisk variasjon mellom virusstammer kan gi problemar med diagnostikken.
Antistoff kan til vanleg påvisast i blod 7-14 dagar (opptil 45 dagar) etter infeksjon, og antistoffnivået kan halda seg høgt livet ut.
Førekomst
Sjukdommen blei beskriven første gang i Frankrike i 1843, og finst i alle verdsdelar. EIA er svært utbreidd i Romania, påvist i Italia, og blir sporadisk påvist i andre europeiske land. Den er ikkje påvist i Noreg i nyare tid, men det er all grunn til å vera merksam på sjukdommen.
Tiltak
EIA er ein liste 2-sjukdom. Infiserte hestar blir truleg avliva fordi dei vil bli varige virusutskiljarar. Det finst verken vaksine eller effektiv behandling mot sjukdommen.
Ein bør ta blodprøve og testa for antistoff dersom ein vil importera hestar frå område med EIA.
Rom der smitta hestar har opphalde seg må vaskast og desinfiserast. Dette gjeld også avføring, blod og vev frå smitta hestar. Virus blir inaktivert ved koking, og av desinfeksjonsmiddel som jodpreparat, etanol, klorhexidin og hypokloritt.