Veterinærinstituttet har påvist skrantesjuke hos ei elgku i Trøndelag

Prøvene viser at elgkua som vart felt under jakt i Lierne i Trøndelag hadde sporadisk (atypisk) skrantesjuke. Det er forventa å finne nokre tilfelle av sporadisk skrantesjuke i løpet av eit år, og denne varianten er grunn til å tru ikkje smittsam, eller svært lite smittsam mellom levande dyr.

Symptom på skrantesjuke er avmagring, hyppig urinering og unormal åtferd, t.d. at dyr ikkje skyr menneske.

Ulike stammar av skrantesjuke

I Noreg har det vorte påvist ulike stammar av prion som forårsakar skrantesjuke (CWD). Hos villrein er priona funne i lymfeknutar hos alle. For dyra som har komme lengre i sjukdommen, også i hjernen.

At det er observert smittsam framferd av CWD hos villrein blir anteken å ha samanheng med at prion blir påviste fleire stader i kroppen, som i lymfeknutar.

Hos elg med skrantesjuke (CWD) i Norden er det med diagnostiske metodar så langt berre funne prion i hjernevev, og sjukdommen opptrer truleg sporadisk.

- For å kunne gjennomføre sikrast mogleg diagnostikk er det derfor viktig at både hjernevev og lymfeknute lèt seg undersøkje, seier CWD-koordinator og seniorforskar Jørn Våge ved Veterinærinstituttet. 

Skrantesjuke, eller Chronic wasting disease (CWD), er ein prionsjukdom som i fleire tiår har vore kjend hos hjortedyr i Nord-Amerika. I 2016 vart denne alvorlege dyresjukdommen for første gong påvist hos villrein og elg i Noreg, og i 2017 vart den også påvist hos hjort.

Viktig å ta prøver

Jegerar, og andre som bidreg med å sende inn prøver, gjer ein god og viktig innsats i arbeidet med å kartleggje sjukdommen.

Det er viktig at merking og registrering av prøva blir rett gjord, så me kan spore dyret og sender dersom prøva viser seg å vere positiv.

Meld frå om du ser sjuke eller døde hjortedyr

Mattilsynet oppmodar alle som ferdast i skog og mark, og som ser sjuke eller døde hjortedyr, til å melde frå til Mattilsynet eller kommunen.

Les om kartlegging av skrantesjuke på hjorteviltportalen

Fakta om skrantesjuke

Les mer på Mattilsynets nettsider

 

Jørn Våge

Seniorforsker vilthelse, skrantesyke/CWD-koordinator
Vis telefonnummer
Send e-post

Del artikkel