Utbrot av salmonellainfeksjon i Noreg

Folkehelseinstituttet har oppdaga eit nasjonalt utbrot med mage-tarmbakterien Salmonella Napoli. Så langt er det påvist smitte hos sju personar busett i ulike delar av landet. Smittekjelda er førebels ukjent.

Dei smitta personane blei sjuke frå slutten av august 2023 og fram til slutten av september 2023. Dei er i alderen 6 til 66 år, det er fire kvinner og tre menn. Personane bur i Vestfold og Telemark (2), Viken (1), Oslo (1), Rogaland (1), Agder (1) og Innlandet (1). Det er påvist bakteriar som er genetisk like hos alle dei smitta, noko som tyder på ei felles smittekjelde.

Symptom på salmonellainfeksjon

Salmonellainfeksjon (salmonellose) skuldast bakterien Salmonella. Dei vanlegaste symptoma er diaré, hovudverk, magesmerter, kvalme og eventuelt feber. Salmonellabakteriar smittar hovudsakleg gjennom mat og ein infeksjon med bakterien går vanlegvis over av seg sjølv utan behandling.

Sjå råd for å førebyggje smitte lenger ned.

Etterforsking pågår

FHI har starta utbrotsetterforsking i samarbeid med aktuelle kommuneoverleger, dei mikrobiologiske laboratoria, Mattilsynet og Veterinærinstituttet.

- Sidan personane er busette i fleire fylke er det sannsynleg at dei er smitta gjennom ei matvare som er distribuert breitt. Dei blir no intervjua for å kartleggje om dei kan ha ei felles smittekjelde, seier seniorrådgivar Liz Ertzeid Ødeskaug ved FHI.

- Det er for tidleg å seie noko om dette er eit avgrensa utbrot eller om det vil auke i omfang, og om vi vil klare å finne smittekjelda, men vi følgjer situasjonen nøye, legg ho til.

Salmonella Napoli er ein sjeldan serovariant av Salmonella i Europa. I Noreg har denne serovarianten tidlegare vore påvist, men då berre som enkelttilfelle.

Råd for å førebyggje smitte

Desse kjøkkenhygieneråda er viktige for å unngå smitte med salmonellainfeksjon:

  • Gjennomsteik eller gjennomkok mat som skal varmebehandlast.
  • God handhygiene etter toalettbesøk og før matlaging og måltid er generelt eit viktig råd for å førebygge infeksjonar som kan gi diaré.
  • Unngå kontakt mellom matvarer som ikkje skal varmebehandlast, til dømes salatar, og matvarer som skal varmebehandlast, til dømes rått kjøt.
  • Skyl, vask og tørk frukt og grønsaker som ikkje skal varmebehandlast før du et dei.
  • Om du har diaré, bør du unngå å lage mat til andre.

Sjå også:

Hva kan smitte gjennom mat og vann?

Om salmonellose i Smittevernveilederen for helsepersonell

Del artikkel