Det er NIBIO og det kinesiske landbruksakademiet CAAS som no skriv under på den første forskningsavtalen mellom Noreg og Kina etter oppmykinga av relasjonane mellom landa. Veterinærinstituttet er som einaste annan institusjon nemd som ein partner for NIBIO innan delar av avtalen.
The Chinese Academy of Agricultural Sciences (CAAS) er eit nasjonalt akademi under landbruksdepartementet i Kina. CAAS inkluderer ei rekke veterinærmedisinske institutt i Kina, og er den relevante samarbeidspartnaren i landet både for Veterinærinstituttet og NIBIO. Den nye avtalen gir rom for samarbeid teknisk og innan forsking i tematiske område som trygg mat og berekraftig landbruk, plante- og dyrehelse, og éin helse inkludert antibiotikaresistens og giftrestar i mat og fôr. Andre tema gjeld klima- og miljøvenleg landbruk, overvaking og beredskap knytt til landbruksprodukt og -produksjon, bioteknologi og innovasjon med meir.
- Veterinærinstituttet er også ein viktig part i denne alliansen, og jeg er glad for at avtalen skaper moglegheiter for at også Veterinærinstituttet kan kome med i samarbeidet framover, seier Nils Vagstad, administrerande direktør i NIBIO.
-Ei viktig satsing
-Dette er ei viktig satsing innan landbruk og veterinærmedisin for forskingssamarbeid og felles kunnskapsutvikling. Det opnar opp positive utsikter til framtidige oppgåver for Veterinærinstituttet. Dette er og ei stadfesting frå norske styresmakter om at det er primærnæringsinstitutta som for tida er spydspissen for å få etablert samarbeid om kunnskapsutvikling med Kina, seier administrerande direktør Gaute Lenvik. Han roser innsatsen NIBIO har lagd ned over mange år for å få dette til.
-Dette stadfester kor viktig samfunnsrolla til institutt som NIBIO og Veterinærinstituttet kan vere som døropnar for Noreg og kor attraktive vi er saman. Samtidig demonstrerer det kor viktig kunnskapssamarbeid med våre fagmiljø er for landbruket i verdas mest folkerike land. Det er hyggjeleg å sjå Veterinærinstituttet med vår unike kunnskap er ein attraktiv partnar for fagleg samarbeid med ei av verdas sterkaste kunnskapsprodusentar.
-Vil følgje opp
-Frå Veterinærinstituttet vil vi følgje dette opp for å få realisert gode samarbeidsprosjekt til felles nytte, lover Lenvik. Allereie i oktober reiser han og avdelingsdirektør Berit Djønne i lag med ein delegasjon frå NIBIO for å besøke CAAS i Beijing. Turen blir kombinert med eit gjenbesøk til det regionale forskingsinstituttet som vitja Veterinærinstituttet kort tid tilbake. Veterinærinstituttet er og invitert med i ein norsk delegasjon frå Landbruks- og matdepartementet som er planlagt til Kina i august neste år. Det er eit mål å få norske og kinesiske forskingssatsinger tilpassa til behova i den nye avtalen.