Som følgje av at det berre vart tekne prøver éin gong i kalenderåret i setjefiskanlegga av berre nokre få kar, er det sannsynleg at resultatet av overvakinga underestimerer den faktiske førekomsten av ILAV HPR0 i setjefiskanlegga.
Formålet med overvakingsprogrammet er å kartleggja førekomsten av ILAV HPR0 i setjefiskanlegg med laks, regnbogeaure og brunørret. Mattilsynet tek ut prøver, og Veterinærinstituttet analyserer, samanliknar data og rapporterer prøveresultat på vegner av Mattilsynet. Kunnskapen om utbreiinga av HPR0 skal danna grunnlaget for utarbeiding av ny nedkjempingsplan for ILA.
→ Her finn du årsrapporten for ILA-virus HPR0 i setjefiskanlegg.