Mistanke om munn- og klauvsjuke i Noreg skal omgåande meldast til Mattilsynet på telefon 22 40 00 00. Sjukdommen er særleg smittsam blant drøvtyggjarar og svin, og er internasjonalt meldepliktig. Det blir rapportert regelmessig om påvisingar frå land i Asia, Afrika og Midtausten, medan Europa, Nord-Amerika og Oseania har hatt offisiell fristatus for sjukdommen fram til no.
Tyskland mistar fristatusen sin etter at det blei rapportert om MKS hos vassbøflar i delstaten Brandenburg, aust for Berlin, fredag 10. januar. Dette er første påvising i landet sidan 1988. I 2001 var det eit stort utbrot av munn- og klauvsjuke i Storbritannia, med spreiing til Frankrike, Irland og Nederland, og sist gong sjukdommen blei rapportert frå eit europeisk land var i Bulgaria i 2011. Noreg har ikkje hatt nokon påvisingar av munn- og klauvsjuke sidan 1952.
- Veterinærinstituttet følgjer situasjonen i Tyskland tett, og vurderer fortløpande om påvisinga kan påverke sjansane for spreiing til Noreg, seier fagansvarleg for storfe ved Veterinærinstituttet Siv Meling.
Les meir om sjukdommen på Veterinærinstituttets nettsider her.