Har vi lært av pandemien?

Denne saken er eldre enn to år

Lærdom frå, under og etter korona med omsyn til pandemiar og beredskap var tema på årsmøtet for den nasjonale forskarskulen IBA tirsdag 2. november. Line Vold frå Folkehelseinstituttet, Torill Moseng frå Veterinærinstituttet og Yngvild Wasteson frå NMBU var sams om at ein treng samarbeid innan «Ei helse» for å lukkast. 

Line Vold la fram eit heilt sett av viktige lærdommar av koronapandeminen for framtidig nasjonal helseberedskap. Avslutningsvis kom ho inn på kor mykje meir komplisert denne pandemien ville ha vore om den og hadde råka dyr i stort omfang. 

Torill Moseng kalla dette for viktig lærdom, og minna om at dette blei det advart om lengje før 2020: Kvifor blei det ikkje gjort noko for å gjere samfunnet betre forebud? Kvirfor gjekk ikkje denne kunnskapen til våre politikarar? 

Samarbeid er viktig

Moseng framsnakka tverrsektorielt samarbeid innafor ramma av «Ei helse». Ein må forstå at beredskap kostar,  og ha vilje til å investere før pandemien er over oss. Og det er ikkje berre økonomisk fundert, ein må og samarbeide slik for å unngå at menneske og dyr ikkje lid og får alvorlege helseproblem unødigt.

 

Line Vold sa seg einig i at «Ei helse» handlar om å jobbe saman. Korona har lært oss at vi treng å ivareta både veterinærar og folkehelse, men vi treng og annan fagkunnskap. Konsekvensane av å stengje ned skulane og ha kun digital undervising over lengre tid, var eit døme på eit tiltak som må vurderast med ulike faglege auge. Ein av lærdommane er at vi treng ein betre struktur for å samarbeide på tverrs av alle sektorer.  

Den nasjonale forskarskulen i «Infection Biology and Antimicrobials» hadde «One Health Perspective on AMR» som en sesjon ledet blant annet av Camilla Sekse. Her var post.doc. Håkon Kaspersen invitert til å snakke om resultater fra forskningsprosjektet «Klebsiella pneumoniae from healthy animals a potential reservoir for virulence determinants».

Del artikkel