–Veterinærinstituttet har ei særs viktig rolle i norsk bioøkonomi gjennom deira arbeid for trygg mat og for å verne om den gode helsestatusen for dyr i Noreg. Dei tilsette og den kunnskapen dei innehar, har imponert meg mange gonger, og eg gler meg til å bli vidare kjent med deira arbeid, seier Blåfjelldal.
Blåfjelldal (37) bur i Øystre Slidre i Valdres. Ho har ein mastergrad i samfunnsgeografi frå Universitet i Oslo. Ho har hatt ymse politiske verv i Framstegspartiet, i Oppland fylkesting og som vararepresentant og rådgjevar på Stortinget.
Den nye styreleiaren var statssekretær i Landbruks- og matdepartementet frå 16. oktober 2013 til 30. november 2018.
– Eg ser fram til å starte på arbeidet som styreleiar, og til å vere med på å vidareutvikle Veterinærinstituttet som landets leiande fagmiljø innan biosikkerhet hjå fisk og landdyr, fortel Blåfjelldal.
Dei andre styremedlemma er Trond Slettbakk (nestleiar), Torhild Gjølme, Tord Lien, Hildebjørg Åsvang, Camilla Skjæret (representant for tilsette) og Knut Madslien (representant for tilsette). Gunnar Skov Simonsen er 1. varamedlem til styret.