Utbrot av harepest i Bråtågrenda i Skjåk

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har diagnostisert harepest hjå ein hare frå Sjåk kommune. Det var funnen fem daude harar rundt eit gardsbruk og fleire daude harar i området rundt. Menneske kan bli smitta blant anna ved kontakt med hare eller gjennom vatn.

Harepest (tularemi) skuldast infeksjon med bakterien Francisella tularensis, og ein ser oftast sjukdommen hjå viltlevande dyr som hare og smågnagarar. Haren er spesielt følsam og døyr vanlegvis i løpet av få dagar. Sjukdommen opptrer oftast om sommaren og utover hausten og i år med stor førekomst av smågnagarar.

I 2010 diagnostiserte Veterinærinstituttet vid geografisk utbreiing av tularemi hjå hare i Sør-Noreg. Veterinærinstituttet har undersøkt mange harar i år. Fem av desse har hatt harepest. Sidan det i år er stor førekomst av smågnagarar mange stader i landet, er det grunn til å tru at det er mykje harepest ute i naturen no, og ein bør vere forsiktig ved kontakt med hare og gnagarar og med å drikke vatn frå små kjelder som får tilsig frå overflata.

Lite er kjent om faktorane som regulerar førekomsten av denne sjukdommen i naturen. Påvising av tularemi hjå hare er ein indikasjon på at smitten finst i området. Tularemi kan også opptre hjå menneske (zoonose). Du kan lesa meir om korleis sjukdommen artar seg hjå menneske på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Kontakt det lokale Mattilsynet på telefon 06040 dersom du observerar sjuke eller daude harar.

Harepest hjå vilt kan stadfestast ved laboratorieundersøkingar som vert utført ved Veterinærinstituttet. I tillegg til hare er det av interesse å få inn gnagarar til gransking for harepest, men i slike tilfelle må Veterinærinstituttet kontaktas før innsending. 

Les meir
Veterinærinstituttet sitt faktaark om tularemi hjå dyr
Flere tilfeller av harepest i Sør-Norge.
Folkehelseinstituttet sitt faktaark om tularemi hjå menneske 

Kontaktpersonar Veterinærinstituttet
Bjørnar Ytrehus
Turid Vikøren

Del artikkel