Harene blei funnen daude i midten av juli. Ved undersøking ved Veterinærinstituttet vart det fastslege at harene døydde av harepest.
Harepest (tularemi) skuldast infeksjon med bakterien Francisella tularensis, og ein ser sjukdommen oftast hjå viltlevande dyr som hare og smågnagarar. Haren er spesielt følsam og døyr vanlegvis i løpet av få dagar. Sjukdommen opptrer oftast om sommaren og utover hausten og i år med stor førekomst av smågnagarar. I 2010 diagnostiserte Veterinærinstituttet vid geografisk utbreiing av tularemi hjå hare i Sør-Noreg.
Lite er kjent om faktorane som regulerar førekomsten av denne sjukdommen i naturen. Påvising av tularemi hjå hare er ein indikasjon på at smitten finst i området. Smågnagarar fungerar truleg som eit viktig smittereservoar og spreiarar av bakterien. Sidan det i år er stor førekomst av smågnagarar mange stader i landet, kan ein venta fleire tilfeller av tularemi hjå hare utover ettersommaren og hausten.
Tularemi kan også opptre hjå menneske (zoonose). For å unngå smitte må ein vera varsam med å handtera daude eller sjuke harar eller smågnagarar, og unngå å drikka vatn frå usikra vasskjelder. Du kan lesa meir om korleis sjukdommen artar seg hjå menneske på Folkehelseinstituttet sine nettsider.
Kontakt det lokale Mattilsynet på telefon 06040 dersom du observerar sjuke eller daude harar.
Harepest hjå vilt kan stadfestast ved laboratorieundersøkingar som vert utført ved Veterinærinstituttet. I tillegg til hare er det av interesse å få inn gnagarar til gransking for harepest, men i slike tilfelle må Veterinærinstituttet kontaktas før innsending.
Les mer
Veterinærinstituttet sitt faktaark om tularemi hjå dyr
Flere tilfelle av harepest i Sør-Norge.
Folkehelseinstituttet sitt faktaark om tularemi hjå menneske
Kontaktpersoner Veterinærinstituttet
Turid Vikøren
Torfinn Moldal
Berit Djønne