Francisella tularensis er svært smittsam og gir primært sjukdom hjå vilt, spesielt hare og smågnagarar. Harepest er stasjonær her i landet og opptrer sporadisk. Sjukdommen kan òg smitta til menneske. For å unngå smitte må ein ikkje handtera daude eller sjuke dyr i naturen eller drikka frå urensa vasskjelder. Jegerar bør vera merksame på harar som oppfører seg unormalt i los. Koking av vatn som er infisert, f.eks i 1 minutt, vert rekna som tilstrekkeleg for å drepa bakterien. Kontakt det lokale Mattilsynet på telefon 06040 om du observerar sjuke eller døde dyr.
Haren er svært mottakeleg for infeksjon med F. tularensis. Den utviklar akutt sjukdom og døyr i løpet av 2-5 døgn. På eit tidleg stadium av sjukdommen er det ingen eller få symptom, men etterkvart vert haren mindre sky, slapp og går tregt i los. Kjæledyr og husdyr er vanlegvis lite mottakelege for harepest (tularemi). Det er difor liten risiko for smitte t.d. frå hare til hund.
Tularemi hjå menneske
Symptoma varierar med smittemåte, men vil ofte vera influensaliknande. Sjukdommen vert behandla med antibiotika. Du kan lesa meir om symptom hjå menneske og råd for å unngå smitte hjå Folkehelseinstituttet.
Faktaark om Harepest (tularemi)
Forrige tilfellet av harepest i Akershus
Mattilsynets informasjon om harepest
Folkehelseinstituttets informasjon om harepest
Kontaktpersonar ved Veterinærinstituttet:
Kjell Handeland, forskar, seksjon for vilthelse
Tlf.: 23 21 63 50/53
E-post: kjell.handeland@vetinst.no
Turid Vikøren, forskar, seksjon for vilthelse
Tlf.: 23 21 63 51/53
E-post: turid.vikoren@vetinst.no