Prøven frå sauen vart henta ut i samband med slakting. Tilfellet som vart påvist, er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya vart nesten 8 år, og søya vart undersøkt fordi det tidlegare har vore påvist skrapesjuke Nor98 i buskapen. Skrapesjuke er ein gruppe B-sjukdom etter Matloven, og reglane for handtering av skrapesjuke Nor98 seier då at alle dyra som vert slakta frå flokken i ein periode på to år, skal undersøkast for skrapesjuke.
Dette er det andre tilfellet av skrapesjuke som har vorte påvist i 2010. I 2009 vart det påvist tolv positive tilfelle av skrapesjuke Nor98 frå tolv sauer som kom frå tolv ulike saueflokkar, medan klassisk skrapesjuke vart påvist i fem dyr frå same flokk. Den geografiske fordelinga av tilfella i 2009 og tilfella i 2010 vert viste i vedlagte kart.
Gjennom overvakings og kontrollprogrammet vert det kvart år påvist nokre tilfelle hjå sauog i 2006 vart det påvist eit tilfelle hjå geit. Overvakingsprogrammet inneber overvaking av levande dyr, prøvetaking frå sjølvdaude dyr og slaktedyr. Veterinærinstituttet gjennomførerlaboratorieanalysane på oppdrag frå Mattilsynet.
Tiltak i samband med påvising av skrapesjuke skal gjennomførast av Mattilsynet.
Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Torfinn Moldal, forskar, seksjon for patologi
Tlf.:23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no
Sylvie Benestad, forsker, seksjon for patologi
Tlf.: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no