Skrapesjuke Nor98 i Sør-Trøndelag

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har påvist skrapesjuke hjå ei sju år gammal søye av rasen spæl i Mosvik kommune i Sør-Trøndelag. Funnet vart gjort som resultat av prøvetaking i samband med overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit.

Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya hadde ikkje synt teikn på sjukdom og vart tilfeldig prøvetatt på slakteriet. Det er 120 vinterfôra sauer i flokken. 18 av desse er spæl, mens de øvrige er dalasau.

Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.

Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no

Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no

Del artikkel