Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya hadde hatt vanskar med å springe ei tid og hadde magra av før ho vart sendt til slakt.
Dette er det niande tilfellet med skrapesjuke i Noreg så langt i år. Åtte av tilfella har vore skrapesjuke Nor98, mens det niande tilfellet var klassisk skrapesjuke. Fem av tilfella er påvist i løpet av de siste to månadene, og alle desse tilfella er frå søyer som er tilfelleleg prøveteke på slakteriet.
Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. I tillegg vert 10 000 vaksne sauer tilfelleleg prøveteke på slakteriet. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.
Les mer om skrapesjuke Nor98
Les mer om klassisk skrapesjuke
Se kart over skrapesjuketilfeller så langt i 2009
Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no
Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no