Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya, som var fem år gammal, vart funne daud utan at det var observert teikn på sjukdom på førehand.
Det er om lag 130 vinterfôra søyer medrekna 30 lam for påsett i flokken. Dei fleste sauene er av rasen norsk kvit sau, men det er noko innblanding av pelssau. I tillegg har bonden om lag 50 villsau.
Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade og er eldre enn 18 månader, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit.
Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.
Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no
Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no