Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya hadde lege på rygg i vår, men kom seg etter lamminga og vart sendt på fjellbeite. Ho hadde holdt seg utanom resten av flokken på heimebeite i haust. Eigaren hadde ikkje observert unormal gange, men søya vart liggjande på rygg på ny og vart avliva. Det er 230 vaksne dyr i flokken.
Om småfe som døyr brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.
Se kart over skrapesjuketilfeller i 2009
Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no
Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no