Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya, som var knapt sju år gammal, vart sendt til slakt og tilfeldig prøvetatt. Det er 50 vinterfôra søyer medrekna 11 lam for påsett i flokken. Alle sauene er av rasen norsk kvit sau.
Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.
Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no