Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. I vinter hadde søya hadde hatt problemer med å halde seg oppreist, og eigaren mistenkte at ho var blind. Tilstanden vart betre etter behandling mot hjernehinnebetennelse, men søya fekk jurbetennelse etter lamming og vart avliva tidleg i juni.
Dette er det tredje tilfellet av skrapesjuke i Noreg så langt i år. Alle tilfella har vore av typen Nor98. Det første tilfellet vart påvist hos ei søye frå Troms som vart tilfellelig prøveteke på slakteriet, medan det andre tilfellet vart påvist hos ei søye frå Sogn og Fjordane som vart prøveteke på slakteriet fordi ho kom frå ein buskap hvor det vart påvist skrapesjuke Nor98 i fjor.
Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.
Se kart over skrapesjuketilfeller (3) i Noreg i år
Les mer om klassisk skrapesjuke (scrapie)
Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Sylvie Benestad, forsker, seksjon for patologi
Tlf.: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no
Torfinn Moldal, veterinær, seksjon for patologi
Tlf.: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no