Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya var åtte år gammal og vart sendt til slakt grunna alderen og av di ho hadde jurbetennelse og var tynn da ho kom ned frå beite i haust. Det er om lag 200 vinterfôra søyer medrekna 50 lam for påsett i flokken. Alle dyra er av rasen norsk kvit sau.
Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade og er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.
Se kart med påvisningen
Les Veterinærinstituttets faktaark om skrapesjuke Nor 98
Les Veterinærinstituttets faktaark om klassisk skrapesjuke
Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no
Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no