Skrapesjuke Nor98 i Hordaland

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har påvist skrapesjuke hjå ei søye frå Meland kommune i Hordaland. Funnet vart gjort som resultat av prøvetaking i samband med overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit.

Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya, som var sju år gammal, vart sendt til slakt og tilfeldig prøvetatt. Det er om lag 33 vinterfôra søyer av rasen spæl i flokken.

Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade og er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.

Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no

Overveterinær Bjørn Bratberg, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 30
E-post: bjorn.bratberg@vetinst.no

Del artikkel