Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya hadde hatt dårleg matlyst før lamming i vår og hadde tatt av i hold og vorte gradvis ustø. Ekstra stell og behandling med antibiotika hjalp ikkje. Det er om lag 110 vaksne dyr og eit tilsvarende tal lam i flokken.
Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjer laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.
Les Faktaark om skrapesjuke Nor98
Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no
Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no