Skrapesjuke Nor98 i Buskerud

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har påvist skrapesjuke hjå ei søye i Røyken kommune i Buskerud. Funnet vart gjort som resultat av prøvetaking i samband med overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit.

Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya, som var knapt åtte år gammal, vart sendt til slakt og tilfeldig prøvetatt. Ved årsskiftet var det 51 søyer og 15 fjorårslam i flokken, men flokken er under avvikling, og det er no berre fire søyer att i tillegg til lamma. Dei fleste dyra er av rasen norsk kvit sau, men det er noko innslag av gammalnorsk spæl og dala.

Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.

Faktaark om Skrapesjuke Nor98

Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no

Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no

Del artikkel