Skrapesjuke Nor98 i Buskerud

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har påvist skrapesjuke hjå ei sju år gammal søye av rasen norsk kvit sau frå ein flokk med om lag 80 vinterfôra sauer i Nes kommune i Buskerud. Funnet vart gjort som resultat av prøvetaking i samband med overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit.

Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Det var ikkje observert teikn på sjukdom før ho vart sendt til slakt og tilfelleleg prøveteke på slakteriet.

Dette er det åttande tilfellet med skrapesjuke i Noreg så langt i år. Sju av tilfella har vore skrapesjuke Nor98, mens det åttande tilfellet var klassisk skrapesjuke. Fire av tilfella er påvist i løpet av den siste månaden. Dette må sjåast i samanheng med at haustslaktinga er i gang.

Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. I tillegg vert 10 000 vaksne sauer tilfelleleg prøveteke på slakteriet. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.

Faktaark om skrapesjuke Nor98
Faktaark om skrapesjuke (scrapie)

Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no

Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no

Del artikkel