Oppdatering på munn- og klauvsjuke i England

Denne saken er eldre enn to år

Det er no påvist i alt fem tilfelle av munn- og klauvsjuke i Sør-England. Det siste tilfellet, som er det tredje i september, vart påvist på ein gard innanfor risikosona på tre kilometer som britiske styresmakter oppretta rundt to gardar der sjukdommen vart påvist førre veka.

Etter at munn- og klauvsjuke (MKS) 3. og 6. august vart påvist i to storfebesetningar i Surrey i Sør-England, er sjukdommen i september påvist i tre besetningar nær Egham, om lag 50 km nord for området der MKS vart påvist i august. Dei smitta besetningane vart påviste 12., 15. og 18. september. Den sist ramma besetninga bestod av sau, svin og storfe, men ligg innanfor den 3 km-sona som britiske styresmektar tidlegare hadde oppretta som risikoområde. Dyr i besetninga viste kliniske teikn på MKS da dei vart slakta ned på grunn av mistanke 17. september.

Det er no slått fast at virusstamma som lak ut frå laboratoriet i Pirbright, er årsak til alle fem utbrotta av munn- og klauvsjuke.

Britiske styresmakter har enno ikkje slått fast når og korleis MKS-virus kom til området nær Egham, men smitten kan ha vorte ført dit med lastebilar via møkkete dekk. Munn- og klauvsjukeviruset kan under gunstige forhold ha stor overlevingsevne ute i miljøet og vere infektivt i fleire månader.

Veterinærstyresmaktene undersøkjer dagleg prøver frå tilfelle der ein ikkje kan sjå bort frå MKS, og ei rekkje besetningar er undersøkte og erklærte fri for sjukdommen. Ein har slakta ned fleire besetningar rundt dei ramma besetningane for å førebyggje vidare smittespreiing.

Britiske styresmakter har hittil venta med å vaksinere mottakelege dyrearter fordi dei meiner det er lite sannsynleg at MKS-viruset har spreidd seg til område utanfor Surrey.

Storbritannia har innført forbod mot transport av levande, mottakelege dyr i heile landet, og EU har sett i verk smitteførebyggjande tiltak. Personar som har vore i England, blir framleis oppfordra til å vere spesielt varsame med sikte på å hindre smittespreiing til norske besetningar av storfe, svin og småfe. Ferskt kjøtt og andre animalske produkt som ikkje er varmebehandla, representerer i denne samanhengen ein spesiell risiko.

Les Veterinærinstituttets faktaark om munn-og klauvsjuke

Veterinærinstituttets kontaktperson:
Tormod Mørk, seksjonsleiaer, seksjon for produksjonsdyr
Tel.: 23 21 63 80
E-post: tormod.mork@vetinst.no

Del artikkel