-Vi mottok prøvar av den avliva moskuskalven frå Statens naturoppsyn og granskingane våre stadfestar at han var alvorleg angrepen av munnskurv. Kalven hadde typisk munnskurv med mange, store vorteliknande utvekstar rundt munnen og på den eine framfoten. Utvekstane hadde sår, var betente og infiserte med bakteriar, seier veterinær Turid Vikøren ved Veterinærinstituttet (se bilde nederst i saken).
Det varierer kor alvorleg moskus vert angripne, men tidlegare utbrot har vist at kalvane vert hardast ramma og at dei ofte får utvekstar på ein eller fleire føter i tillegg til munnen og nasebora. Vaksne dyr har oftast mildare sjukdom avgrensa til munn og nase.
Smittsam virussjukdom
Munnskurv er ein smittsam virussjukdom som er vanleg hjå småfe, men som også rammar andre drøvtyggjarar som moskus og rein. Som regel er det kalvar og ungdyr som vert sjuke. Munnskurv hjå moskus på Dovrefjell har vi sett som enkelttilfelle, men det har vore to større utbrot høvesvis på ettersommaren/hausten i 2004 og vinteren 2012, seier Vikøren. Det at Statens naturoppsyn har observert fleire dyr på Dovrefjell med teikn på munnskurv, tyder på eit nytt utbrot av sjukdommen. Kor omfattande dette vil bli er for tidleg å seia, fortset ho.
Statens naturoppsyn utfører feltovervakinga av moskusen på Dovrefjell og fyl utviklinga i nært samarbeid med Helseovervakingsprogrammet for hjortevilt og moskus (HOP) ved Veterinærinstituttet. Så langt (per 22.jan) er det observert ytterlegare fjorten dyr som ser ut til å vera ramma, åtte av desse er kalvar og resten er ungdyr og unge vaksne.
Sporingar i terrenget viser blodspor der moskus har beita. Dette skuldast at munnskurv ser ut til å årsaka kløe og utvekstane får sår og blør når moskusen gnir dei mot steinar og liknande.
Liknar virus hjå sau, geit og rein
Viruset er motstandsdyktig og kan overleva lenge i miljøet. Munnskurv-viruset som rammar moskus liknar dei ein finn hjå sau, geit og rein i Noreg. Årsaken til at eit utbrot oppstår er truleg samansett. Faktorar som vêrtilhøve, bestandstettleik, dyra sin immunstatus og generelle helsetilstand spelar truleg inn. Ising av beita, skare og sterkt korna snø kan årsaka småsår rundt munnen, som er ein inngangsport for virus. Skilnad i motstandskraft kan vera ei forklaringa på at nokre dyr i ein flokk blir sjuke, mens andre ikkje har synlege teikn på sjukdommen. Kunnskap om munnskurv hjå småfe tyder på at immunitet mot sjukdommen ikkje varer lengre enn eit par år.
Dyrevelferd viktig
-Statens naturoppsyn og Veterinærinstituttet har tett dialog når det gjeld trong for tiltak på grunn av det dyrevelferdsmessige aspektet ved sjukdommen, seier Vikøren.
− Munnskurv er nok smertefullt og dyr som er hardt angripne kan ha vanskar med å eta. Det vil kunna påverka næringsinntaket og dyra vert svekka. Dyr som har utvekstar på føtene kan bli halte. Dersom det oppstår bakterieinfeksjon i utvekstane kan denne spreia seg til andre deler av kroppen. Dyr som vert funne åleine, slik som kalven vi nettopp har undersøkt, tyder på at dei ikkje har klart å følgja flokken og blitt etterlaten av mora.
Dei hardast ramma dyra bør avlivast, både for å gjera slutt på lidinga og for å hindra at dei spreier smitte til andre dyr, fortset Vikøren. Det kan vera ei vanskeleg avgjerd å ta. Dersom sjukdomsendringane er moderate og ikkje vert bakterieinfisert, så skal utvekstane i teorien falla av og helast i løpet av nokre veker. Å vurdera kven av individa som vil klara seg og kven som bukkar under, er ofte svært vanskelig, avsluttar ho.
Sjukdommen kan smitta menneske og dersom du finn daude dyr med tydelige teikn på munnskurv, bør du ikkje ta på dei, men melda frå til Statens naturoppsyn.
Aktuelle lenker:
Fakta om munnskurv
Kontaktpersonar ved Veterinærinstituttet
Turid Vikøren
Kjell Handeland