Nytt EU prosjekt om prøvetaking og trygg mat

Denne saken er eldre enn to år

EU gir Veterinærinstituttet støtte til å utvikle prøvetakingsregimer for sikring av trygg mat. Instituttet skal leie arbeidet på sjømat, og elles vera sterkt involvert på områda kjøt, frukt og grønsaker, og harmonisering av prøvetakingsregimer. Tittelen på prosjektet er ”Selection and improving of fit-for-purpose sampling procedures for specific foods and risks”, med kortnamn BASELINE.

Universitetet i Bologna i Italia er koordinator for prosjektet, og 17 andre partnerar er involvert. Ein av dei er den norske bedrifta Nordlaks i Vesterålen .Tilskotet frå EU til prosjektet er på ca 5 millionar Euro fordelt over 4 år, og Veterinærinstituttet får ca 15 prosent av dette.

 

Auka globalisering og endra matvaner

Det å ta ut ei prøve er i dei fleste tilfelle svært enkelt. Å sikre at prøva blir representativ for heile partiet og at analysen gjev rett bilete av risikoen ved å eta maten ei veke eller to seinare kan derimot vera utfordrande. Fleire gonger har det skjedd sjukdomsutbrot med mat som har vore analysert slik forskriftene seier. Utbrotet med Listeria i camembertost på Riks- og Radiumhospitalet hausten 2007 var eit slikt eksempel. Slike tilfelle viser at prøvetakingsregima ikkje alltid er gode nok, men det finst også andre grunnar for å gjera ein revisjon. To av dei er auka globalisering og endra matvanar.

 

Auka globalisering i handel og foredling av matvare gjer det vanskelegare enn før å ha oversikt over korleis mat blir behandla. Mange land set derfor svært strenge krav for sjukdomsframkallande agens i importert mat. I nokon tilfelle synest krava både irrelevante, urealistiske og strengare enn det som er nødvendig for å sikre trygg mat til forbrukarane. Meir harmonisert regelverk mellom land ville skapa ryddigare forhold, og gjera det lettare for myndigheitene i ulike land å gjera felles risikovurderingar.

 

Forbruket av ”ready-to-eat” produkt, dvs produkt som kan etast direkte frå emballasjen utan oppvarming, aukar stadig. Slike produkt er av internasjonale matmyndigheiter rekna som ei hovudårsak til at det har vorte fleire tilfelle av ein del matbårne sjukdomar, og utvikling av prøvetakingsregimer som kan gjera slike produkt tryggare er ynskjeleg.

 

Prøvetakingsregimer

I det nye prosjektet er målet å koma fram til prøvetakingsregimer som gjev både tryggare mat og betre risikovurderingar på internasjonalt nivå. Arbeidet skal delvis bygge på forslag frå internasjonale matmyndigheiter om å innføre ”FSOs – food safety objectives” og ”POs – performance objectives”. Vi skal undersøke om desse let seg innføre i praksis, og om dei i så fall vil gje tryggare mat til forbrukane.

 

Innføring av FSOs inneber mellom anna at kvantitativ risikovurdering skal vektleggast sterkare ved fastsetjing av grenseverdiar for sjukdomsframkallande agens i sluttprodukt. Innføring av PO, dvs ein grenseverdi for sjukdomsframkallande agens i råvarer og mellomprodukt, vil bety at det blir lagt inn ein liten sikringsmargin i tilfelle det skulle skje små avvik i produksjon og distribusjon, og vil i tillegg gje større fordeling av ansvaret for trygg mat mellom aktørane i (f)jord-til-bord kjeda enn i dag.

 

For meir informasjon:
Taran Skjerdal, forsker

Seksjon for matbakteriologi og GMO

Telefon: +4723216268
E-post: taran.skjerdal@vetinst.no

 

Arne Flåøyen, avdelingsdirektør
Avdeling for fôr- og mattrygghet
Telefon: 23 21 62 70/482 24 286
E-post: arne.flaoyen@vetinst.no

Del artikkel