Parasittar frå slekta Spironucleus er kjent for å gi alvorleg sjukdom hos oppdrettsfisk og akvariefisk. Hos oppdrettslaks har ein funne slike parasittar i illeluktande, pussfylte byllar i muskulatur og indre organ. Etter at ein såg dei fyrste utbrota av denne sjukdomen hos oppdrettslaks seint på 80-talet, har ein trutt at årsaka har vore Spironucleus barkhanus som er ein ganske vanleg parasitt i tarmsystemet til vill harr og røye. Hos desse fiskeartane er parasitten tilsynelatande ikkje noko problem.
Jørgensen har i sitt doktorgradsarbeid gjennomført genetiske undersøkingar som viser at parasitten som gir sjukdom hos oppdrettslaks, genetisk er svært ulik den varianten ein finn i vill laksefisk, sjølv om dei ser identiske ut i elektronmikroskop. På bakgrunn av desse funna blei parasitten som gir sjukdom hos oppdrettslaks skildra som ein ny art - Spironucleus salmonicida.
Tilsynelatande identiske parasittar
- Arbeidet har vist at genetiske metodar må nyttast for korrekt identifisering av eincella parasittar tilhøyrande slekta Spironucleus. Parasittar som tilsynelatande ser identiske ut, kan vere genetisk svært ulike. Ei nøyaktig identifisering av organismar som gir sjukdom hos oppdrettsfisk er svært viktig for å finne smittekjelda ved sjukdomsutbrot og gir eit viktig bidrag til å finne høvelege diagnostiske metodar, seier Anders Jørgensen.
I undersøkingar som også inngår i doktorgradsarbeidet, har Jørgensen gjennomført liknande studiar med andre Spironucleus-artar. Spironucleus vortens som gir sjukdom hos akvariefisk finst også hos vill karpefisk i Noreg. Sjølv om desse parasittane ser heilt like ut, er dei genetisk svært ulike. Jørgensen viser også at torskefiskparasitten Spironucleus torosus finst i fleire genetiske variantar. På bakgrunn av dette diskuterer Jørgensen om dei genetiske ulikskapane mellom variantane gir grunnlag for å dele dei opp i separate artar.
Endeleg har Jørgensen undersøkt slektskapet mellom ei rekkje artar frå slekta Spironucleus. Dette arbeidet viste at parasittar frå denne slekta fordeler seg i tre hovudgrupper som samsvarer med levestaden til vertane. I avhandlinga er Jørgensen inne på den tanken at kvar av desse gruppene kanskje utgjer ei eiga slekt. Anders Jørgensen disputerte 24. januar 2008 for Dr. scient. – graden ved Noregs veterinærhøgskole med avhandlinga: ”Genetic studies of diplomonad flagellates from fish”.
Personlege opplysningar:
Anders Jørgensen kjem opphavleg frå Larvik. Han tok graden Cand. scient. ved Universitetet i Bergen i 2002. Anders Jørgensen er for tida tilsett ved Seksjon for Parasittologi ved Veterinærinstituttet.
Kontakt:
Anders Jørgensen, seksjon for parasittologi
Tlf.: 23 21 61 22/922 32 811