I denne vurderinga er det teke omsyn til desse forholda:
1. Sjukdommen vart diagnostisert 12. september i ei storfebesetning i Egham i Surrey i Sør-England, og besetninga er slakta.
2. Garden ligg om lag 50 km nord for Guildford i Surrey, der det var utbrott i august 2007, og har vore under oppsyn og er pålagd restriksjonar sidan kvelden 11. september, da dei første symptoma vart rapporterte.
3. Utbrottet kom få dagar etter at den britiske regjeringa erklærte landet fritt for munn- og klauvsjuke etter utbrottet i august 2007.
4. Ein har enno ikkje slått fast kva stamme av virus som var årsaka til utbrottet i Egham, men ein reknar med at det er den same stamma som ved utbrottet i august.
5. Det er ikkje kome melding om at sjukdommen har spreidd seg til andre besetningar, men det er lagt restriksjonar på ein gard i Norfolk utan at munn- og klauvsjuke er påvist.
6. Det vart straks sett forbod mot transport av levande, mottakelege dyr i heile Storbritannia.
7. EU har sett i verk smitteførebyggjande tiltak.
Veterinærinstituttet vurderer dei tiltaka som britiske styresmakter og EU har sett i verk, som adekvate for å skjerme norske husdyr.
Personar som har vore i England den siste veka, bør vere spesielt varsame med sikte på å hindre at smitte spreier seg til norske besetningar av storfe, svin og småfe.
Ferskt kjøtt og andre animalske produkt som ikkje er varmebehandla, representerer ein spesiell risiko.
Veterinærinstituttet vil lage ei ny vurdering av risikoen dersom det kjem ny, viktig informasjon.