Harane med harepest har blitt innsendt frå Hedmark, Oppland og Østfold i løpet av august og september. Tularemi (harepest) skuldast infeksjon med bakterien Francisella tularensis. Bakterien kan smitta menneske og mange ulike dyreartar. Haren er spesielt følsam for infeksjon og døyr vanlegvis av blodforgifting få dagar etter at han har blitt smitta. Hjå hare opptrer tularemi som oftast om ettersommaren og hausten, og førekomsten av sjukdommen varierer frå år til år. I år har vi påvist mange tilfelle og det er grunn til å tru at det kan bli fleire. Smågnagarar utgjer eit viktig smittereservoar for bakterien i naturen.
Harar som oppfører seg unormalt under jakt (går tregt i los), bør ikkje slaktehandsamast, då dette kan vera teikn på at haren er sjuk. På Veterinærinstituttet sitt faktaark kan du lesa meir om harepest: Faktaark om harepest (tularemi)
Tularemi kan også opptre hjå menneske (zoonose). For å unngå smitte må ein vera varsam med å handtera daude eller sjuke harar og smågnagarar. Ein bør ikkje drikka vatn frå mindre, opne drikkevasskjelder i område med stor førekomst av smågnagarar eller i område der det er påvist tularemi hjå hare. Du kan lesa meir om korleis sjukdommen artar seg hjå menneske på Folkehelseinstituttet sine nettsider: Folkehelseinstituttets informasjon om tularemi
Kontaktpersonar ved Veterinærinstituttet:
Turid Vikøren