Flest hos rognkjeks og torskefisk
I prosjektet vart meir enn 4400 villfiskar av 52 ulike arter undersøkte. Dei vart samla inn vår og haust 2002–2004 i eit lite område av kysten utanfor Arendal. Her finst det ikkje oppdrettsanlegg, så eventuell påverknad frå oppdrettsfisk var derfor minimal.
Det er kjent at rognkjeks kan ha store mengder skottelus (sjå biletet nedst på sida), så rognkjeks frå Nordsjøen vart også fanga inn. Kunne rognkjeksa ta med seg lus inn til kysten, under gytevandringa? Kunne dette vere ei smittekjelde for fisk i oppdrettsanlegga?
Skottelusa vart funnen på 15 % av dei undersøkte fiskane og på halvparten av dei undersøkte fiskeartene. Men det var klart flest skottelus på rognkjeks, torskefisk (torsk, sei, lyr og kviting) og sjøaure. Laks vart ikkje fanga i denne undersøkinga.
Genspor
Men for å finne ut kvar lusa kom frå, måtte forskarane ta i bruk genanalysar. – Vi fann at skottelus finst som to genetisk ulike typar, genotype 1 og genotype 2, fortel forskar Øivind Øines ved Veterinærinstituttet, som er i ferd med å avslutte doktorgraden sin på skottelusa.
– Tidleg om våren kjem kjønnsmoden rognkjeks inn i tareskogen langs kysten for å gyte. Desse fiskane har berre skottelus av genotype 1, som truleg hoppar av og infiserer kystfisk, for litt seinare på våren viste undersøkingane sterk auke i prosentdelen av genotype 1-lus på kystfiskane, fortel Øines. – Utgytt rognkjeks forsvinn raskt til havs. Over sommaren tek genotype 2-lusene over, om hausten finn vi ei overvekt av genotype 2-lus på kystfiskane.
Rognkjeksene som vart fanga i Nordsjøen, var mest infiserte av alle fiskane i undersøkinga. Alle hadde berre lus av genotype 1, og mange av desse var i tidlege larvestadium. Desse fiskane var ikkje kjønnsmodne. Det vil seie at desse rognkjeksene må ha vorte smitta ute i havet. Med andre ord: Lusene av genotype 1 ser ut til å ha ein eigen oseanisk livssyklus.
Raske infeksjonar i oppdrettsanlegg
Fordi mesteparten av vaksne skottelus på Skagerrak-kysten om våren kjem frå innvandrande vertar, slike som rognkjeks, vil oppdrettsanlegg kunne oppleve raske skottelusinfeksjonar i samband med innvandringa. Påslaget kan kome i form av vaksne lus og ikkje berre luselarver. Tidspunktet for innvandringa kan vere ulikt oppover langs kysten, men mekanismen er den same. – Dette infeksjonsmønsteret er heilt ulikt det vi ser hos den nærskylde lakselusa Lepeophtheirus salmonis, som berre har laks, sjøaure og sjørøye som vertar, seier prosjektleiar Peter Andreas Heuch ved Veterinærinstituttet i Oslo.
Les meir
Forskarar ved Veterinærinstituttet, saman med Havforskingsinstituttet og Universitetet i Oslo, har nyleg publisert ei undersøking av moglege smittereservoar (fiskearter) for skottelusa. Arbeidet er ein del av doktorgradsavhandlinga til Øivind Øines, seksjon for parasittologi.
Artikkelen er publisert i journalen Diseases of Aquatic Organisms. Sjå http://www.int-res.com/articles/dao_oa/d077p149.pdf
Kontaktpersonar ved Veterinærinstituttet
Peter Andreas Heuch, seksjon for parasittologi, peter-andreas.heuch@vetinst.no
Øivind Øines, seksjon for parasittologi, oivind.oines@vetinst.no
Rognkjeks med store mengder skottelus Caligus elongatus. Foto: Øivind Øines