Koi herpesvirus i Sverige

Denne saken er eldre enn to år

I sommar vart det rapport om to sjukdomsutbrott på grunn av koi-herpesvirus (KHV) i Sverige. Sjukdommen går til åtak på karpefisk og er opptil 100 prosent dødeleg. Det er enno ikkje registrert utbrott av KHV i Noreg.

KHV er eit DNA-virus som går til åtak på karper, og det vart første gongen oppdaga i Israel i 1998, sjølv om eit utbrott i England er datert tilbake til 1996. Sidan er det registrert funn på alle kontinenta så nær som Australia. KHV er ikkje farleg for menneske.

Koi er domestiserte variantar av karpe som opphavleg kjem frå Kina og er svært utbreidde i Japan. Dei er nære slektningar av gullfisken, og dei fleste av oss kjenner nok koi mest som ein «pyntefisk» i zoologiske hagar og private dammar.

Utbrott i Sverige
Sverige har ikkje hatt utbrott av sjukdommen før det første tilfellet i juli. Ein månad seinare vart eit nytt tilfelle oppdaga av ein privatperson som hadde kjøpt karper frå ein zoogrossist. KHV har vore ei bekymring for akvariebransjen i fleire år, og no er altså dei første utbrotta registrerte.

Statens veterinärmedicinska anstalt (SVA) jobbar iherdig med å halde Sverige fritt for sjukdommen. Landet har svært mange sjøar med vill bestand av karpe som kan vere truga dersom smitten skulle leke ut til vatn og vassdrag.

Fordi Noreg ikkje har mykje vill karpefisk, er konsekvensane for oss heilt annleis enn for land med mykje vill karpefisk eller stort oppdrett av karpefisk.

Smitta for livstid
På same måten som andre herpesvirus infiserer KHV fisken for livstid, og det finst ikkje noko botemiddel for sjukdommen. Forsvarleg destruksjon av mogleg smitta fisk er derfor måten å handtere sjukdommen på.

Smitten går horisontalt mellom fiskar i vatn, og sjølv om viruset også kan overleve i frie vassmassar, reknar ein med at dette er i så kort tid at det først og fremst er karpene sjølve som spreier sjukdommen. Men SVA ser ikkje bort frå at også andre arter enn karpe kan spreie smitten.

Det kan gå lang tid frå smitte til utbrott, og dette er avhengig av ei rekkje miljøfaktorar. Mellom anna er det berre registrert dødelege utbrott innanfor eit temperaturintervall mellom 18 og 30 grader.

SVA fortel at dette trass alt er ein uvanleg sjukdom, men etter utbrotta i sommar har SVA lagt vekt på å kommunisere lovverket, som seier at det er forbode å setje ut «pyntefisk» i opne vatn og vassdrag, og at private dammar ikkje skal ha utløp til slike vatn og vassdrag.

Les meir om KHV hos Statens veterinärmedicinske anstalt i Sverige.
Les meir om KHV hos University of Florida.

Del artikkel