Veterinærinstituttet seier seg i høyringssvaret positive til at ein auke i MTB vert knytt til kontroll med lakselus. Men det vert peikt på at grunnlaget for å kunne dokumentere og halde lusetalet på eit så lågt nivå ikkje enno er på plass. Tellemetodikken som vert nytta gir for stor usikkerheit ved så låge lusetal som eit gjennomsnitt på 0,1 vaksne holus per fisk. Samstundes treng ein meir erfaring med bruk av fleire ikkje-medikamentelle metodar i kombinasjon før dei kan forventast å gi effekt i større omfang. Veterinærinstituttet foreslår at kapasitetsauke ikkje vert gjennomført i 2015, men at produksjonsgrenser knytt til lusetal arbeidast inn i ei ny melding til Stortinget om vidare vekst for havbruksnæringa. Ei slik stortingsmelding bør også inkludere innføring av fleire indikatorar for god fiskehelse.
Last ned dokumentet:
Kontaktperson ved Veterinærinstituttet:
Randi Grøntvedt